NRK Meny

Skartun blir i Bryne


Toppscorar for Bryne, Oddbjørn Skartun, har bestemt seg for å bli i klubben òg i 2016. Det melder klubben på sine eigne nettsider. Etter 16 mål i årets førstedivisjon var Skartun i søkelyset til fleire klubbar og sogndølen signaliserte sjølv at han var svolten på ein retur til eliteserien. No har han altså bestemt seg for å bli.