Hopp til innhold

– Kraftselskapet bryr seg meir om å tena pengar enn oss som bur her

VEITASTROND (NRK): Han måtte bruke kano for å kome seg til og frå huset då flaumen råka bygda. No meiner Bjørn Skovly at det lokale kraftselskapet kunne hindra mykje av flaumskadane.

Bjørn Skovly

MÅTTE TY TIL KANO: Bjørn Skovly har måtte finna fram kanoen for å koma seg til og frå huset sitt ved Veitastrondvatnet dei siste dagane. – Før hadde me ei fin strandtomt. No har me ei øy, seier han ironisk. Han heldt vatnet ute av huset sitt, men trur noko likevel har trengt opp gjennom golvet i sokkeletasjen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– No fekk me endå eit bevis på at Sognekraft gir blaffen i oss, fordi det kan gje auka inntekt, seier Bjørn Skovly.

Han meiner at kraftselskapet burde tappa ned vassmagasina mykje meir då dei forstod kor mykje nedbør som ville kome. Flaumen som råka områda rundt Jostedalsbreen førte til store øydeleggingar, også i bygda Veitastrond.

– Dei tøyer grensene

Flaum på Veitastrondi oktober 2018

BÅT TIL DØRA: Båt eller traktor var framkomstmiddelet mange i Veitastrond måtte ty til tysdag for å koma seg heim.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me veit at naturkrefter ikkje kan temmast. Men det er bittert for folk å oppleva at hus blir øydelagde fordi nokon tøyer regelverket. Det er ikkje rakettforsking å høyra på vêrmeldinga og sjå kor mykje snø det er i fjella, seier Skovly.

Sognekraft er på ingen måte samd i kritikken.

– Eg tykkjer kritikken er direkte urimeleg. Me har tappa det som er fysisk mogleg å tappa frå Veitastrondsvatnet sidan slutten av september, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Leikvoll, fotballbana på Veitastrond

SKRUKNOTTAR ELLER GUMMISTØVLAR? Det spørst kva fottøy som hadde vore best egna til å spela fotballkamp på Leikvoll denne veka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Meir enn ein meter over maksgrensa

Vasstanden var fredag 12. oktober 42 centimeter under maksgrensa. To dagar seinare var vasstanden 1,12 meter over maksgrensa.

Vatnet frå Veitastrondsvatnet renn ned i Hafslovatnet. I tillegg til elveløpet mellom dei to vatna, er det også ein krafttunnel mellom dei to vatna. Til slutt renn vatnet ut i Årøyelva og Barsnesfjorden. Sist fredag slapp Sognekraft også ut vatn utanom tunnelen for å senke vasstanden.

Asbjørn Nes

FRUSTRERT: Asbjørn Nes, leiar i Veitastrond Bygdelag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Bjørn Skovly får brei støtte i bygda for kritikken sin mot Sognekraft. Asbjørn Nes var glad den gongen vatnet blei regulert, men situasjonen har forverra seg.

– Før det vart regulert, hadde me flaum nesten årleg. For nokre år sidan byrja flaumane å koma att, og no har flauma over to gonger dei siste fire åra, seier Nes, som er leiar i Bygdelaget.

I august sende dei brev til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), der dei ber om at det blir gjennomført tilsyn av Sognekraft si regulering av Veitastrondsvatnet.

– Her har dei verktøyet som skal til for å hindra at dette skjer, og så vel dei å ikkje bruka det. Det er openbert at økonomisk vinning er viktigare for dei, seier Nes.

Veitastrondsvatnet, hafslovatnet og kraftverket

– Gjorde det me kunne

Terje Bakke Nævdal

AVVISER KRITIKKEN: Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft. – Dette er berre urimeleg og manglande kunnskap, seier han om kritikken.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kritikken frå bygdefolket under Jostedalsbreen bit ikkje på Sognekraft-sjef Terje Bakke Nævdal. Han fortel at dei tok forholdsreglar, men at det er umogleg å unngå flaum slik nedbørsmengda og temperaturen vart.

– Det vi ser på våre statistikkar er at vi har ni prosent meir nedbør i dag enn det vi hadde då vi bygde kraftverket på 80-talet. I tillegg så kjem nedbøren mykje meir ekstremt og mykje meir om gongen når det kjem, seier Nævdal.

Han meiner det då er naturleg då å oppleve då at det blir raskare endringar på Veitastrondsvatnet når nedbøren endrar seg såpass mykje som den gjer.