Skåra for Noreg
Mathias Sundberg frå Sogndal skåra 1–0-målet då G17-laget til Noreg møtte England. Kampen blei spelt i Spania og enda 4–4. Også Thomas Hallstensen frå Florø spelte. – Dei kan vere nøgde med innsatsen mot eit godt engelsk mannskap, seier Jon Navarsete. Neste kamp er mot Russland måndag.