NRK Meny

Skapte full kaos og lurte beteninga

Ved å skape full forvirring inne i ein butikk på Eid, skal tre personar ha greidd å lure til seg pengar.

Penger

VEKSELSVINDEL: Tre personar lurte til seg meir vekslepengar enn dei skulle ha på amfi-senteret på Eid-

Foto: Anette Torjusen / NRK

Politiet fekk fredag kveld melding om at nokon dreiv med ein litt uvanleg svindelaktivitet på Amfi-senteret på Eid.

– Dei skal ha laga kaos og forvirring og greidd å lure beteninga til å gi tilbake for mykje vekslepengar, seier operasjonsleiar, Bengt Næss i politiet.

Laster Twitter-innhold

Ønskjer tips

Ei politipatrulje leitar no etter tre menn som køyrer ein grå/blå Ford Mondeo med utanlandske skilt. Dei veit enno ikkje kven desse tre personane er, som har greidd å overliste beteninga på kjøpesenteret.

Politiet har varsla andre politidistrikt om saka, i håp om å få tips i saka.

– Dei skal ha snakka gebrokken engelsk og var veldig pågåande ifølge den tilsette i butikken, seier Bengt Næss.

Uvisst omfang

Det er førebels uvisst kor mykje pengar dei tre personane skal ha greidd å svindle til seg.

Politiet kjenner ikkje til om dei har prøvd å svindle andre butikkar på senteret.

– Folk som driv med denne type svindel, er vanlegvis kort tid på same stad, seier Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar ved politiets operasjonssentral i Sogn og Fjordane.

Forholdet er blitt meldt og politiet etterforskar saka vidare.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.