Av:
Synnøve Aasland
Lønnheim entreprenør og Vågsøy kommune er komne til einigheit i saka om skandaletaket på storhallen som ikkje har tolt vatn. Sidan siste arbeid vart utført på taket i slutten av april, har taket vore heilt tett.
Uansett seier Olav Horn i Vågsøy kommune at partane no er einige om ein garantisum i fall taket igjen byrjar å lekke.
Men Horn trur at no har dei endeleg eit påliteleg tak over hovudet i Nordfjordhallen.