Hopp til innhold

Skalk lukene! Ny vinterstorm på veg mot landet

Håpet om langvarig høgtrykk og vakkert vintervêr kan du sjå langt etter. Frå torsdag kveld aukar det på med kraftig vind og nedbør i nær heile landet.

Storm i Florø

KAN BLI HEFTIG: Slik såg det ut då uvêr råka Florø i Sogn og Fjordane tidlegare denne veka.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Det er eit kraftig lågtrykk som pressar på frå vest og kjem inn i Norskehavet i natt og setter opp eit sørleg vindfelt som gir storm. Det er store kontrastar mellom desse lågtrykka frå vest og dette solide høgtrykket som har vore over Skandinavia, så då blir det ei sone med mykje vind der desse systema møtest, seier statsmeteorolog Vibeke Thyness.

Ho trur at alle som bur i kyststrok frå litt nord for Bergen og nordover mot Vestfjorden vil merke dette godt alt i kveld. Lenger nord i Troms og Finnmark så aukar vinden mest i morgon.

Vibeke Thyness

SMILER TRASS ALT: Vibeke Thyness er statsmeteorolog.

Foto: Bård Gudim

– Då er det særleg fjordstroka i Aust-Finnmark som vi er litt ekstra obs på. Det er mykje kald luft i innlandet som skal drenerast ut gjennom fjordane og då får vi erfaringsmessig mykje vind og kraftige vindkast, slår Thyness fast.

  • Det er varsla liten til full storm langs kysten frå Stad og nordover til Lofoten og Vesterålen
  • Det er frålandsvind og det kan kome vindkast, også i indre strok opp i 20–30 m/s
  • Det vil kome nedbør som regn og sludd i låglandet, snø i høgareliggjande strok

– Vi får også ein god kuling langs kysten av Sørlandet og oppover Oslofjorden i morgon kveld. I fjella i Sør-Norge vil det også blåse mykje, og saman med snø som blir kvervla rundt så kan det opplevast som ganske tøffe forhold.

– Korleis blir forholda på vegane?

– Det blir mildvêr, og med regn oppe i den snøen så ser vi føre oss utfordringar med trafikken i låglandet.

Laster Twitter-innhold