Hopp til innhold

Den 1. september opna dei for påmelding, to dagar seinare var det fullteikna

– Heilt fantastisk, seier løpsleiar Erik Brendefur om påmeldinga til Skåla Opp 2014.

Skåla Opp 2013

DETTE VIL MANGE: På to dagar melde 800 seg på konkurranseklassen i Skåla Opp 2014.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei opna for påmelding til Skåla Opp 2014 søndag 1. september. I løpet av eit par dagar vart det fullbooka med 800 deltakarar i konkurranseklassen.

– Det er heilt enormt, det gjekk rekordfort. I fjor tok det nærare to månader før det var fullt. No ser det ut til å vere endå større interesse for Skåla Opp, og det synest vi er veldig hyggeleg.

I årets Skåla Opp var det 1050 mosjonistar som gjekk til topps på Skåla (1848 m.o.h.) i tillegg til dei 800 i konkurranseklassen. I år var det Jonathan Wyatt og Liv Bjerkrem Nilsen som nådde toppen først.

(Artikkelen held fram under biletet).

Initiativtakar Erik Brendefur

- HEILT ENORMT: Leiar Erik Brendefur i Skåla Opp er glad for den store interessa.

Foto: Anne Rudsengen

God drahjelp av tv-program

Brendefur trur Skåla opp i år fekk ekstra drahjelp av tv-programmet som vart sendt på NRK1 dagen etter årets løp.

– Vi har sett aukande interesse frå vi starta i 2003, men det er klart at vi i år fekk eit ekstra løft med eit flott NRK-program søndagskvelden. Det vart sett av nærare ein halv million, så eg tur det har ført til endå større interesse.

Mosjonistar treng ikkje fortvile

Om det er fullbooka, så er det enno eit lite smotthol for dei som vil vere med i konkurranseklassen, seier løpsleiaren.

– Vi opnar for litt overbooking, så det er plass til 10-20 til, men dei forsvinn truleg i løpet av eit par timar.

Konkurranseklassenfor Skåla Opp i 2014 er altså fylt opp, men dei som berre vil gå turen utan tidspress treng ikkje fortvile.

– Dei som går i mosjonsklassen kan melde seg på heilt fram til start. Alle er velkomne.

  • Her kan du sjå starten på årets Skåla Opp:
    Resten av løpet kan du sjå på NRK1 klokka 20:15 i morgon!

    Sjå starten på Skåla opp!