Hopp til innhold

Høg islending prøvespelar for Sogndal

Den islandske landslagsspelaren Skúli Jón Friðgeirsson kjem til Sogndal torsdag for å prøvespele for ei sentral midtbanerolle.

Skúli Jón Friðgeirsson

PRØVESPEL: Skúli Jón Friðgeirsson kjem på prøvespel for Sogndal torsdag.

Foto: Eva Björk Ægisdóttir / fotbolti.net

Den 23 år gamle islendingen spelar no for eliteserieklubben KR i Reykjavik, og står bokført med to kampar for det islandske A-landslaget. Han er og islandsk meister med klubben KR. Ein klubb som også har lag i toppen i dei fleste andre idrettar på Island.

Høg spelar

– Det er korrekt at Skúli Jón Friðgeirsson kjem hit til Sogndal torsdag. Han vil sjå litt på forholda her og vere med på treninga, fortel Håvard Flo Sogndal Fotball til NRK onsdag kveld.

Det var den islandske fotball-nettstaden fotbolti.net som kunne fortelje at den 187 cm høge midtstopparen no kan vere aktuell for eliteseriespel for Sogndal.

Skúli Jón har spelt i ulike posisjonar i karrieren, men har markert seg som ein god midstoppar dei seinare sesongane.

Får skryt

– Vi har fått gode rapportar på han, og han har ein god CV med seg hit til Sogndal, fortel Håvard Flo.

Dersom islendingen imponerer Jonas Olsson og dei andre i den sportslege leiinga i morgon, kan han vere klar for kamp alt mot Hønefoss heime på Fosshaugane komande søndag.

– Han skal vere ein anvendeleg spelar, som har erfaring både frå forsvar og midten, og vi vonar rapportane sler til, seier Flo.