Hopp til innhold

Myrkaskog skal vise seg fram for cupfinalist

Fjorårets cupfinalist Kongsvinger ynskjer å sjå nærare på Førde-spiss Øystein Myrkaskog.

Øystein Myrkaskog med nyskriven Førde-kontrakt

USIKKER: Øystein Myrkaskog er freista av fotballeventyret til både Kongsvinger og Florø. Biletet er frå då han skreiv under for Førde.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg har snakka med dei, og reiser bort for å trene og helse på i neste veke. Men eg vil ikkje kalle det prøvespel. Dei startar opp etter ferien den veka, så det blir nok ikkje full trykk på treninga, seier vikjen til NRK.

Florø freistar

Låneopphaldet med 1. divisjonsklubben Åsane i fjor gav meir enn to mål på 12 kampar for Øystein Myrkaskog. Det gav også meirsmak på spel på nest øvste nivå i Norge. Noko det kan bli kommande sesong.

For det er lite som talar for at spissen blir med Førde ned i 3. divisjon.

Øystein Myrkaskog jublar

MÅLTJUV: Øystein Myrkaskog har scora 24 mål på 44 kampar sidan han kom til Førde i 2013.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg ynskjer å prøve ein heil sesong i Obosligaen, og ikkje berre ein halv slik som i fjor, seier han og stadfestar at han har hatt kontakt med tre 1. divisjonsklubbar: nyopprykka Florø, Åsane og fjorårets tapande cupfinalist Kongsvinger.

– Det er Florø eg har snakka mest med. Eg har hatt ein veldig god prat med dei, og det er freistande å vere med på eit slikt eventyr med lokalt lag i 1. divisjon, seier han.

Cupfinalisten

Myrkaskog presiserer at han ikkje har fått tilbod frå nokon av klubbane.

– Det er framleis 6. januar og langt fram. Eg er under kontrakt med Førde eitt år til og trenar med dei no. Det viktigaste for meg er å spele fotball på så høgt nivå som mogleg og at eg utviklar meg, seier han.

Kongsvinger er ein klubb med lange tradisjonar i Norsk Toppfotball, og hadde 17 sesongar bak seg på øvste nivå då dei rykte ned i 1999.

Portugisiske Luis Pimenta leia førre sesong laget til cupfinale mot Rosenborg . I tillegg spelte dei kvalifisering om opprykk til eliteserien.

Ikkje første lokale

Dersom Myrkaskog skulle ende i Kongsvinger neste år, stiftar han på nytt kjennskap med sin tidlegare lagkamerat i Førde, Johan Vennberg, og fjalerbuen Simen Stølen. I tillegg er glopparen Ingar Sårheim fysioterapeut i klubben.

Kongsvinger var aktuelle også i fjor sommar då vikjen takka ja til spel med Åsane. Vikjen seier han ikkje har dårleg tid.

– Det er jo greitt å vite kvar ein spelar neste sesong, men eg vil prate med aktuelle klubbar først. Det er eit vanskeleg, men viktig val, så eg ynskjer å vere sikker, seier han.