NRK Meny

Skal vise gatekunst til heile Norge

NRK-programmet Norge Rundt er på plass når gatekunsten på ein ny gatevegg i Måløy blir avduka på tysdag, skriv Fjordenes Tidende. Gatekunstprosjektet i byen har blitt svært godt motteke av innbyggjarane, som sjølve har bidrege med tusenvis av kroner inn i prosjektet. Initiativtakar Tone Holvik Eriksen håpar avdukinga neste veke kan bli ein folkefest. – Vi vil vise at vi heiar på gatekunsten i Måløy, og at vi er ei kjekk bygd som veit å kose oss og ha det gøy, seier ho til avisa.

Vegopning på Bergum i Førde kommune