NRK Meny

Skal vise fram politibåten

For første gong på fleire år blir ein politibåt å sjå i Sogn og Fjordane. I morgon kjem politibåten i Bergen på bli kjent-tur til Florø. Etter samanslåinga med Hordaland i Vest politidistrikt skal båten med base i Bergen no dekke heile kysten få Tysnes i sør til Vanylven i nord. Sogn og Fjordane politidistrikt avvikla for nokre år sidan si båtteneste.