NRK Meny
Normal

Skal vinne velgarane med kultur og deponimotstand

Sundag starta SV valkampen på Ålhus i Jølster. Staden der også Eikaasgalleriet ligg var på ingen måte tilfeldig valt.

Norvall Nøringset og Jacob Andre Sandal

TAR OVER STAFETTPINNEN: Jacob Andre Sandal er fylkestingskandidat for SV.

Foto: Pressefoto

– Vi fokuserer på kultur for å skape attraktive lokalsamfunn, seier Jacob Andre Sandal, som er fylkestingskandidat for SV.

Kultur er ofte det som først blir salderingspost når kommuneøkonomien skrantar.

– Det er også grunnen til at vi no løftar det opp til ei sak i valkampen. Vi har blant anna stått på for å unngå for store kutt på kultur, når fylkeskommunen no har gått gjennom tøffe nedskjeringsrundar.

Deponimotstand

Motstand mot planane om gruvedeponi er ei anna sak som blir viktig for partiet i valkampen.

– Det blir ei viktig sak på fylkesplan, og spesielt i kommunane rundt fjorden. I Naustdal har vi eit godt håp om at vår kandidat, Åsmund Berthelsen, skal kunne klare å ta ordførarvervet, seier Sandal.

Lister i 19 kommunar

SV stiller lister i 19 kommunar til valet, og målet er representasjon i like mange kommunestyrer.

– Vi har som mål å bli representert i alle kommunane vi stiller liste. Ved førre val så mangla vi til dømes fire røyster på å bli representert i Høyanger. Det syner berre kor viktig det blir å stå på no i valkampen, seier Sandal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.