NRK Meny
Normal

Skal verne om verdsgymnaset i fem nye år

H.M. Dronning Sonja skal halde fram å vere beskyttar for UWC-skulen i Fjaler.

Dronning Sonja på UWC

VERNAR: Dronning Sonja skal vere UWC i Fjaler sin beskyttar fram til 2020.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dronninga held fram å vere ein inspirasjon for studentar og lærarar i arbeidet vårt med å la utdanninga tene freden si sak, seier Arne Osland, utviklingsdirektør ved skulen i ei pressemelding.

Dronninga har besøkt skulen fleire gonger, to gonger berre det siste året. Då la ho mellom anna ned grunnsteinen til eit nytt bygg ved skulen, som ho i september kom tilbake for å opne.

– Genuint interessert

– Det er utruleg å sjå etter 20 år kva som har grodd fram og blitt resultatet her. Det er berre å ta av seg hatten for alle dei energiske menneska som har fått dette til, sa ho då vitja den internasjonale skulen i Flekke i Fjaler sist.

– Ho syner ei genuin interesse for arbeidet her, seier Osland.

Dronning Sonja har vore skulen sin vernar i fleire år allereie. Ordninga med beskyttarskap er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet. Dronninga har tidlegare omtala skulen som eit av sine hjartebarn.

– Det viktigaste er å gje unge menneske ei utdanning, og det blir gjort her med 200 elevar frå nesten 95 nasjonar. Berre tenk på den moglegheita det er å kome saman, lære av kvarandre, og forstå og respektere kvarandre sjølv om ein har heilt ulike opphav, sa dronninga til NRK i haust.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå