Skal velje blant desse tre
Den nye storkommunen med Selje og Eid får eit av desse tre namna: Selja, Eid og Stadt. Det er namnenemndene i Selje og Eid som har gått inn for å gå vidare med dei tre namna. Det skal no gjerast ei telefonundersøking. Det kom inn rundt 120 forslag frå innbyggjarane på kva namn den nye kommunen skal ha. Namnet på storkommunen blir vedteke på kommunestyremøte 22. juni.