Hopp til innhold

– Ferjeavløysingsordning framleis i det blå

SV og Senterpartiet sitt framlegg om ferjeavløysingsordning for fylkesvegane i 40 år vart nedstemt på Stortinget onsdag. Jenny Følling (Sp) er skuffa, men ifølgje Frank Willy Djuvik (Frp) er det ingen grunn til panikk.

Dalsfjordbrua

USIKKER STØTTE: Jenny Følling fryktar Sogn og Fjordane fylkeskommune sjølv må dekkje det som staten tidlegare har dekt av ferjeavløysande prosjekt, som til dømes Dalsfjordbrua mellom Askvoll og Dale.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Regjeringa gav først signal om at fylkesvegnettet ikkje ville få same ferjeavløysingsordninga som riksvegnettet, med 40 års nedbetalingstid. Deretter snudde dei, og gav klart uttrykk for at fylkeskommunane skulle få ferjeavløysingsmiddel.

No meiner Følling dei har snudd igjen, og ordninga der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferje, står svært usikkert, ifølgje ho.

Stemte ned framlegg frå Sp og SV

Stortinget har onsdag handsama kommuneproposisjonen som omhandlar inntektssystemet til fylkeskommunane.

SV og Senterpartiet kom med framlegg om at realisering av ferjeavløysingsprosjekt på fylkesveg ikkje skal medføre redusering i overføringane dei første 40 åra. Det fortel fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) som sjølv var til stades i Stortinget. Framlegget vart ifølgje Følling nedstemt av Frp, Høgre, Venstre og KrF, medan Ap stemte for.

Jenny Følling

OPPGITT: Fylkesvaraordførar Jenny Følling seier det er oppsiktsvekkande at framlegget om 40 års ferjeavløysingsmiddel vert nedstemt etter at Høgre og Frp har flagga at det skulle komme.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dei hadde ein merknad om at dei bad regjeringa greie ut dette. Det var som vi frykta. Det er tydeleg at det her står att diskusjonar, for statsråd Jan Tore Sanner var unnvikande på direkte spørsmål om han kunne bekrefte at regjeringa ville gå for 40 år, seier Følling.

– Ingen grunn til frykt

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, er ein av dei som har sagt at ferjeavløysingsmiddela skulle komme.

– Dette skal vere ei permanent ordning som baserer seg på same ordninga som for riksvegnettet med 40 års nedbetalingstid, sa han til NRK for ei veke sidan.

Han står framleis fast ved dette, og meiner det er ingen grunn til å frykte at ferjeavløysingsordninga for fylkesvegane, lik som riksvegane, ikkje kjem.

– Stortinget har vedteke å be regjeringa om å leggje fram ei sak om ferjeavløysingsordninga. Dette er meir fornuftig enn å vedta eit framlegg over bordet. Eg meiner denne saka fortener å bli skikkeleg utgreidd, seier Djuvik til NRK onsdag kveld.

– Oppsiktsvekkande

Følling er derimot meir skeptisk, og seier ho er skuffa over regjeringspartia si handtering av ferjeavløysingsmiddela.

– Det er veldig oppsiktsvekkande å melde med høg sigarføring at no er 40 års ferjeavløysingsmiddel på plass, og deretter stemme ned det konkrete framlegget i Stortinget og seie at ein skal greie ut ting. Eg er skuffa. Vedtaket er ikkje på plass før det faktisk er vedteke, seier fylkesvaraordføraren.

– Med den erfaring ein har med andre saker som gjeld distrikta, så fryktar eg jo at dette ikkje er så sikkert som det som Høgre, og særleg Frp, har vore ute og flagga.

Djuvik seier han ikkje er overraska over uttalingane til Følling, men han er framleis overtydd om at ferjeløysingsordninga kjem.

– Når sjølv samferdsleministeren delte ein artikkel der vi gjekk ut og sa at den skulle komme, så er eg rimeleg trygg på det.