Skal undersøkje brann
Politiet håpar å kunne starte undersøkingar av huset på Hafslo, der det braut ut brann seint i går kveld. Det seier Arne Johannessen som er regionlensmann i Sogn. Seks personar berga seg søndag kveld ut av det brennande huset. Det var opne flammar i fleire etasjar. Johannessen kan førebels ikkje seie noko om kva som har kome fram så langt om eventuell brannårsak.