Hopp til innhold

Skal undersøke kunstgrasbaner

Fylkeskommunen skal undersøke tilstanden på kunstgrasbanene i Sogn og Fjordane. Målet er å finne ut korleis eigarane held banene vedlike. Spesielt vil dei ha fokus på bruken av gummikulene i banedekket og rutinane eigarane har vore å fange opp desse ved til dømes snømåking. Resultatet av undersøkinga skal presenterast på ein konferanse på Skei 18. oktober.