Hopp til innhold

Skal undersøke branntomta på torsdag

Politiet sine kriminalteknikarar skal seinare i veka gå gjennom branntomta i Sogndal i håp om å finne årsaka til den øydeleggjande brannen.

Stedjetunet i Sogndal

FRÅ TIDLEG 1900-TAL: Brannen i Stedjetunet blussa opp att fleire gonger natt til måndag. Slik såg det ut på branntomta etter at dagslyset kom.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Inger Lill Lanes

BREI ETTERFORSKING: Inger Lill Lanes er regionlensmann i Sogn.

Foto: Privat

– Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka, seier regionlensmann i Sogn, Inger Lill Lanes til NRK.no måndag kveld.

Det har gått eit døgn sidan naudetatane fekk melding om brannen i det historiske Stedjetunet i Sogndal sentrum. Brannen vart meldt inn som ein automatisk brannalarm, og då brannvesenet kom fram kjempa dei i fleire timar før dei fekk kontroll.

På det meste jobba over 50 personar for å få kontroll på flammane, og måndag kveld har brannvesenet framleis folk på staden for å sikre at det ikkje blussar opp att.

– Branntomta er ikkje heilt kald enno, så vi kjem til å ha sporadisk vakt der utover kvelden, får NRK opplyst ved Alarmsentralen måndag kveld.

Veit ikkje kvar brannen starta

Først når branntomta er skikkeleg kald kan politiet starte dei tekniske undersøkingane. I dag har politiet jobba med å samle inn det dei kan av opplysningar om brannen.

– Vi er i innsamlingsfasen for å prøve å finne ut kva som har skjedd. Vi har gjort ein del vitneavhøyr, ser på bilete og prøvar å samle inn opplysingar, seier Lanes.

Politiet sine lokale kriminalteknikarar kjem til Sogndal torsdag. Då skal dei gå nøye gjennom branntomta saman med folk frå Etrygg, som spesialiserer seg på eltryggleik.

Førebels er det lite regionlensmannen kan seie om mogleg brannårsak.

– Vi ser på brannbiletet og prøver å finne ut kvar det har brunne mest, og vi ser på dei opplysningane som kjem inn for å finne ut kvar brannen har starta.

Brann

KREVJANDE SLØKKJEARBEID: Bygget Stedjetunet er gamalt, med mykje tømmerveggar og holrom. Det gjorde sløkkjearbeidet krevjande, fortalde Elmer Sjøvoll i brannvesenet tidlegare i dag.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Usikkert om det er mogleg å få svar

Ifølgje fagleiar Elmer Sjøvoll i Sogndal brannvesen er bygget nedbrent i toppen, medan det i andre etasje er brannskadar og i første etasje vasskadar.

– Det er omfattande skader på bygget, kva har det å seie for å finne årsaka?

– Det kan vere mogleg å finne årsaka, og det vil vi forsøke å gjere. Men det er usikkert om vi faktisk kjem til å kome til ein konklusjon, seier regionlensmann Inger Lill Lanes.

Politiet har måndag vore i kontakt med huseigar, forsikringsselskap og entreprenør for å få sikra lause delar på bygget.

Det er sett opp sperreband rundt bygningane, men det er ikkje fysiske sperringar som hindrar folk å ta seg inn. Lanes ber difor folk om å ikkje gå forbi sperrebanda og ta seg inn i bygningane.