Hopp til innhold

Vennegjengen skal tyne folk i løgndetektor framfor heile Norge

Det starta med ein vag idé. No skal fire sunnfjordingar avsløre djupe, og mindre djupe, hemmelegheiter gjennom ein heil sesong på nett-TV.

Ærlige Norge

LØGN ELLER SANNING: Det er det Bjarte Solhaug (bak til venstre), Andreas Bjørkehaug (bak til høgre) og dei andre i gjengen avslørar i programmet. Her får den frivillige deltakaren spørsmål om han synest det er teit at krølltang ikkje er namnet på ein type bøygd sjøgras. Han svarar til slutt ja, og lyg ikkje.

Foto: Nils Ole Refvik

Programmet «Ærlige Norge» blir truleg å sjå på TV3 Play før sommaren. Konseptet er sentrert rundt ein løgndetektor. Rundt løgndetektoren, med spørsmåla, sit mellom anna Andreas Carlsen frå Stongfjorden i Askvoll.

Andreas Carlsen i Ærlige Norge

STÅR BAK: Andreas Carlsen har saman med vennegjengen ordna det aller meste sjølv.

Foto: Nils Ole Refvik

Med seg har han førdianarane Bjarte Solhaug og Thea Halås, og bak kamera står Nils Ole Refvik, også han frå Førde. I tillegg har dei med Andreas Bjørkhaug frå Kløfta utanfor Oslo, som deltok i reality-programmet «Den siste viking» saman med Carlsen som vann.

Måtte kjempe om nok visingar

Ideen gjekk først ut på å lage ei spørjeundersøking med løgndetektor for å finne ut kva folk eigentleg meinte om ulike ting, men sidan har det utvikla seg.

– Vi fann ut at det var meir moro å spørje om tulleting. Programmet har eigentleg endra seg frå dag til dag, fortel Carlsen.

Prosjektet er i privat regi, men gjennom vener i TV3 fekk dei ordna avtale om å lage ein pilotepisode. Dersom den fekk nok visingar, skulle vennegjengen få lov til å lage ein heil sesong.

Kor mange visingar den har fått og kor mange den måtte få, kan dei ikkje seie noko om, men målet vart nådd og ein heil sesong er under planlegging.

Ærlige Norge

SKAFFAR ÆRLEGE SVAR: Frå venstre: Andreas Bjørkhaug, Andreas Carlsen og Bjarte Solhaug.

Foto: Nils Ole Refvik

Skal teste grenser

I piloten får ein sjå alle moglege slags spørsmål bli stilt til dei som sit kopla til løgndetektoren. I nett-TV-serien vil fokuset på dette bli forsterka.

Talet på involverte er høgare i piloten. No vil det bli dei fire i vennegjengen som blir det faste panelet.

– Akkurat korleis dette kjem til å sjå ut er det vel nesten ingen som veit, men vi skal i alle fall ha det veldig kjekt. Vi håpar å få litt kjende folk til å sitte i stolen også, seier Carlsen.

Mange vil festast til løgndetektoren

Og spørsmåla kan vere alt mellom himmel og jord.

Ærlige Norge

TESTAR UT: Thea Halås får prøve seg i stolen, medan Bjarte Solhaug og Andreas Bjørkhaug stiller spørsmåla.

Foto: Nils Ole Refvik

– Nokre blir av den alvorlege sorten, medan andre blir endå meir tull enn det allereie var. I tillegg vil vi også prøve å ta inn to og to, foreldre, kjærastar, søsken og vener, for å teste ut forholdet deira. Så det kan kanskje bli litt brutalt.

– Vil folk vere med på sånt?

– Det er heilt sprøtt. Eg la ut annonse på statist.no, og eg trur eg fekk 250 svar første timen. Eg hadde aldri sett meg ned der sjølv, men folk har tydelegvis lyst å prøve.

Om to veker startar gjengen innspelinga før redigeringa står for tur. Håpet er at sesongen kjem ut før sommaren.