Skal trene Sogndal 2

Sogndalveteranen Rune Bolseth skal trene andrelaget til Sogndal den komande sesongen, det skriv Sogn Avis i dag. Bolseth avslutta spelarkarrieren etter siste serierunde i eliteserien i år, etter å ha spelt over 400 kampar for Sogndal. – Eg gler meg veldig til å jobbe med unge og svoltne fotballspelarar, seier Bolseth til avisa.

Rune Bolseth klar for ny sesong
Foto: Rune Fossum / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune