Hopp til innhold

Skal tippe bustadpris i eige fylke

Programleiar Frode Søreide tek med seg meklarane til sitt eige heimfylke i sesongpremieren av «Solgt!»

Frode Søreide er programleiar i "Solgt!"

TIL HEIMFYLKET: Frode Søreide tek sjåarane med til heimfylket i sesongpremieren på 'Solgt!' på NRK1.

Foto: NRK

– Det er ekstra spennande å reise til mitt eige heimfylke. Dessutan er det ein spennande bustadmarknad, seier Frode Søreide.

Torsdag 15. september klokka 20.15 er det klart for sesongpremiere for bustadprogrammet «Solgt!» på NRK1. Programleiar er Frode Søreide, som kjem frå Høyanger.

Meklarar reiser Norge på kryss og tvers

I det første programmet inviterer Søreide meklarane med seg til heimfylket for å tippe bustadprisar:

Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vande territorium og sleppt ned i ein ukjend marknad. Dei rivaliserande verksemdene konkurrerer om å gjette prisen på tre ulike salsobjekt.

I løpet av dei 14 episodane reiser meklarane Norge på kryss og tvers – og dei skal også utanlands.

Skal bryne seg på gammalt trehus

«Solgt! »gjekk på lufta første gong våren 2010, og oppnådde då stor suksess med over ein halv million sjåarar og ein marknadsdel på mellom 40 og 50 prosent.

Frode Søreide har jobba over 10 år i NRK, og har bakgrunn frå mellom anna Dagsrevyen, FBI og NRK Sogn og Fjordane.

Bustadsalet i Sogn og Fjordane skal først under lupa. Ein av utfordringane er eit gammalt trehus i den vesle bygda Sørebø, som fram til no har vore avfolka i mange år.