Hopp til innhold

Skal tilbake i toppen - trenar mest i Norge

FØRDE (NRK): Førde skal tilbake i den norske volleyballtoppen snarast råd.

Mathias Loftesnes på trening med Førde

SJÅ TV-SAK: Mathias Loftesnes er tilbake i moderklubben etter nokre år som proff i Belgia og Tsjekkia. No er han ute etter å vippe erkerivalen Nyborg ned frå trona. Reporter: Rune Fossum. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke

– Vi trenar mykje målt mot andre i volleyball-Norge. Og kvalitetsmessig ligg vi garantert godt an, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Han ser spelarane gjere unna ei av dei siste treningsøktene før seriestart i eliteserien. Etter ein sportsleg nedtur sist sesong, skal Førde no rett tilbake i teten.

Eitt av grepa er å trene meir og betre.

No er spelarane oppe i fem økter med ball kvar veke, tre styrkeøkter – og i tillegg kjem kampaktivitet i helgane.

Eks-proff viser dei yngste kor lista skal liggje

Eit anna grep er å hente heim igjen to av klubben sine eigne spelarar, som dei siste åra har prøvd seg som profesjonelle i europeiske klubbar: Lars Fredrik Tvinde har komme heim frå kypriotiske Pafiakos, medan Mathias Loftesnes har vendt heim etter å ha teke bronse med Karlovarsko i Tsjekkia.

– Overgangen er enorm. I fjor spelte eg berre volleyball, medan no studerer eg i tillegg til at eg trenar like mykje. Så det er knalltøft. Men det går rundt, og eg trivst med det, seier Loftesnes.

– Han betyr mykje. Både som ein veldig god volleyballspelar og i forhold til treningskultur og det å vere ein pådrivar på trening. Han viser kor lista skal liggje om du vil ut av landet og prøvde deg som proff, seier Tvinde.

Trenar Jan Egil Tvinde dirigerer på trening

TOK GREP: Førdes nye trenar, Jan Egil Tvinde, bestemte seg tidleg for at laget måtte trene meir og betre for å bli det beste laget i Norge igjen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har heva nivået «dramatisk» på treningane

Trenaren meiner Førde no ligg heilt i front med treningsarbeidet som blir lagt ned i klubben. Ambisjonane er også høgare enn for berre eitt år sidan.

Målet er å nå cupfinalen, bli topp tre i serien og komme til sluttspelfinalen.

– Eks-proffane våre betyr mykje. Både for laget og for treningsmentalitet og treningskultur – og det å heve nivået dramatisk på trening, seier Tvinde.

– Har Førde trent for lite til no?

– Det har iallfall vore vanskeleg å få til eit opplegg med nok trening og høg nok kvalitet.

– Høyrer heim i toppen, og har god nok tropp

Det er to år sidan Loftesnes siste spelte for Førde. Då banka han inn 316 poeng og vart beste poengplukkar i eliteserien. Det kan han fort bli også denne sesongen.

Sjølv har han stor tru på at Førde tek steget opp att i toppen av tabellen.

– Held vi fram med å trene så hardt, så trur eg vi kan bli veldig gode. Vi høyrer heime i toppen, og no har vi ein god nok tropp, seier kantspelaren.

Han legg til:

– Ingenting hadde vore artigare enn å vippe Nyborg ned frå trona.

– Trur du de tar Nyborg?

– Eg veit vi tar Nyborg. Spørsmålet er om vi tar dei i alle kampane...

Mathias Loftesnes i mottak på trening

PÅ TRENING: Mathias Loftesnes tilbake på trening med Førde. Søndag er han ein sentral spelar når sunnfjordingane serieopnar heime mot Koll.

Foto: Rune Fossum / NRK