Hopp til innhold

Vil teste hundrevis for dødeleg sjukdom

Hundrevis av hjortehovud frå fylket skal i løpet av hausten testast for den dødelege dyresjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD). – Vi håpar jegerane blir med på ein dugnad for å få dette til.

Kronhjort hjort bukk frønningen

FRYKTA SJUKDOM: Chronic Wasting Disease (CWD) er påvist på ei reinsimle og to elgar i Norge til no. Frykta er at sjukdommen har spreidd seg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det seier Alf Erik Røyrvik som er leiar for Norges Jeger- og Fiskeforbund i Sogn og Fjordane.

Jegerar over heile landet er bedne om å hjelpe styresmaktene med å kartlegge ei eventuell spreiing av den hjernesjukdommen CWD. Sjukdommen vart i vår påvist på ei reinsimle i Lærdalsfjella, og seinare på to elgar i Trøndelag.

Frå før er sjukdommen berre kjent frå USA og Kanada, der blir hjortevilt i store område utrydda for å hindre vidare spreiing.

Vil teste 15.000 dyr på landsbasis

Chronic Wasting Disease kan lettast samanliknast med skrapesjuke hos sau eller kugalskap. I Norge har CWD no fått namnet skrantesjuke.

Typiske teikn på at dyret er sjukt kan vere at det er mindre sky, blind, høyrer og luktar dårleg, er ustø, siklar og urinerer mykje.

Mattilsynet har sett i gong ei omfattande kartlegging og har mål om å teste 15.000 hjortedyr for sjukdommen i løpet av hausten. Her i fylket er det i kommunane Gloppen og Flora at hjortejegerar blir bedne om å levere inn hovuda på dyra dei skyt under jakta som startar neste veke.

Alf Erik Røyrvik

UROA: Alf Erik Røyrvik seier jegerane også her i fylket er uroa etter det dei høyrer om den dødelege sjukdommen CWD.

Foto: Privat

– Ein vil prøve å samle inn alle hovud frå dyr som er eitt år og eldre i desse kommunane, seier Røyrvik.

Det blir skotne rundt 500-700 dyr i kvar av kommunane, så talet på prøver vil betydeleg.

– Vi er uroa

– Kva tenkjer du om at ein må gjere dette for å finne ut om ein dødeleg sjukdom har spreidd seg?

– Det er klart vi er uroa og fryktar at dette kan vere veldig alvorleg. Samtidig er vi usikre fordi vi framleis veit lite om omfanget og kva dette kan føre til, seier Røyrvik.

I Lærdal har det allereie blitt analysert 88 prøver frå villrein som er skote under jakta i Nordfjella. Ingen av prøvene som er analyserte til no har vore positive. Leiaren i villreinutvalet i Nordfjella, Kåre Rudningen, sa til NRK.no i går at han fryktar at det vil kome positive svar.

– Meld vidare om de ser sjuke dyr

I Sogn og Fjordane blir det altså innlevering av hjortehovud for testing i to kommunar. Røyrvik strekar under at også jegerar andre stader kan bidra.

– Ser ein dyr som ein mistenker er smitta eller sjuke, så bør ein om ein har høve, felle dyret, eller iallfall gje beskjed til viltstyresmaktene.

Til jegerar i Flora og Gloppen har han følgande oppmoding.

– Eg vil be jegerane om å gjere det dei kan så vi kan få inn så mykje kunnskap om situasjonen som mogleg. Det er i alle si interesse.