Hopp til innhold

Skal ta verdsrekord i reising – igjen

Han har vore i alle land i heile verda. No freistar han å ta verdsrekord ved å reise til seks kontinent på under tre døgn.

Gunnar Garfors og Pelle K

VERDSREKORD: Gunnar Garfors og Pelle K skal ut på ei reise som dei håpar varar under 63 timar. Greier dei det tek dei verdsrekord.

Foto: Morten Bendiksen

– Det er små marginar, men eg har trua på at det kan gå, seier Gunnar Garfors.

Naustedølen er den yngste i verda som har reist til alle landa i verda ved sidan av full jobb og har besøkt flest land i løpet av 24 timar. No skal han ta ein ny verdsrekord saman med blant andre Youtube-fenomenet Pelle K.

Har berre tida og vegen

Garfors og følget skal innom dei seks busette verdsdelane og må slå den ståande rekorden som er på 63 timar og 47 minutt. For å rekke det har dei berre med seg lett handbagasje og kjem ikkje til å kunne forlate flyplassane dei kjem til. Dei får ikkje oppleve plassane dei kjem til og Garfors seier det dei skal ut på er meir transport enn reising.

– I krig, kjærleik og verdsrekordar er alt lov. Eg har vore i alle landa tidlegare og skal tilbake, så denne gongen er det for å ta rekorden, seier Garfors.

Gunnar Garfors

PÅ TUR: Her er Gunnar Garfors på tur i Mikronesia.

Foto: Privat

Dei har ikkje tid til mange forseinkingar i sikkerheitskontrollar og liknande for å kunne nå det, og det er snakk om små marginar fortel Garfors. Reising er den store lidenskapen, og han kjenner på suget etter å kunne ta nok ein rekord.

– Om du driv med høgdehopp eller skøyter, så vil ein gjerne ta desse rekordane, seier han.

Hemmeleg reiserute

Reisa skal starte og slutte på same stad, og det einaste Garfors vil røpe er at reisa startar ein stad i Afrika. Ein av grunnane er at den kjente Youtuberen, Pelle K skal vere ein del av reisefølget. Han har 2,2 millionar følgarar på Youtube og er stor i land som Japan, Mexico og USA og skal ha med seg livvakt på tur.

– Pelle har ein del tilhengarar i mange av landa, og har opplevd å bli overfallen av skrikande menneske tidlegare. Vi vil ikkje bli sinka av det, seier Garfors.

Ein kan følge reisa på sosiale medium med emneknaggen #recordrunningworld eller på nettsidene deira.