Hopp til innhold

Skal ta stilling til dagkirurgi

Styret i Helse Førde skal fredag bestemme kor vidt det skal vere tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus eller ikkje.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

STYREMØTE: Jon Bolstad er adm.dir. i Helse Førde, medan Jorunn Ringstad er styreleiar. I dag tek dei avgjerd om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det er per i dag ikkje eit slikt tilbod ved sjukehuset i Eid, og det har lenge pågått ein dragkamp for å få dette på plass.

Tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre signaliserte under eit besøk i fjord haust at dagkirurgi bør vere ein del av tilbodet ved lokalsjukehuset, og han bad i brevs form om at Helse Vest fekk dette tilbodet på plass.

Fleire sentrale styremedlemmer i Helse Førde har sagt tydeleg at dei ikkje vil starte opp eit dagkirurgisk tilbod, og har mellom anna vist til at behovet er tilstrekkeleg dekka med dagkirurgi ved sjukehusa i Førde og i Lærdal.

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, har til no ikkje ønskt å flagge sitt syn i saka, og har sagt at saka vil bli avgjort av styret i dag.

Ordførarane i Nordfjord har stått samla i saka, og denne veka truga dei med å bryte med Helse Førde om ikkje tilbodet om dagkirurgi vert oppretta.

– Vi reagerer sterkt på forslaget frå administrasjonen i Helse Førde, der dagkirurgi ikkje ligg inne, sea Sven Flo, leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stryn til NRK.no tidlegare i veka.

NRK følgjer styremøtet og kjem tilbake med meir så snart ei avgjerd er teken.