Hopp til innhold

Skal synge opera for cruiseturistar

Jonas Nyløy Navarsete frå Sogndal har kanskje kapra draumejobben. I ti månader skal han synge opera for styrtrike cruiseturistar.

Jonas Nyløy Navarsete

KAPRA DRAUMEJOBBEN: Jonas Nyløy Navarsete skal halde 120 konsertar på eit cruiseskip.

Foto: Privat

Det var Sogn Avis som først omtalte oppdraget til sogndølen.

I sommar mønstrar den unge sogndølen på eit cruiseskip frå reiarlaget Silversea Cruises. Skipet kal segle først i Middelhavet og seinare i Karibia og Amerika. Reiarlaget er eigd av ein italiensk familie.

– Eg er litt spent på kva slags folk eg kjem til å møte, for det er nok folk eg mest sannsynleg ikkje hadde treft under andre omstende, seier Navarsete.

For det er ikkje kven som helst som har råd til å legge ferien til luksuscruiseskipet han no skal jobbe på. For eit vekes cruise startar billettprisen frå 50.000 til 100.000 kroner.

– Men så kan ein snu på det og seie at her kan eg og møte mange potensielle arbeidsgjevarar.

Navarsete er frå før kjent for å imitere alt frå Elvis til Coldplay – på Youtube.
Du såg han kanskje også som fiskarsonen «Guttorm» i operaframsyninga Sildagapet hausten 2017.

Ut på eventyr

Ideen dukka opp då kjærasten kom inn på eit masterstudium i klassisk cello i Sverige.

– Sidan vi då likevel må flytte, så fann eg ut at eg kunne bruke dei to åra til å finne på nokre eventyr.

I tillegg fekk han tips frå nokre vener om at andre musikarar som hadde gjort liknande tidlegare og fått gode opplevingar og god betaling.

– Då tok eg meg ein runde på Google og to veker seinare hadde eg fått fire jobbtilbod, fortel Navarsete.

– Men med 10 månader til sjøs framfor deg, er du sjøsterk?

– Det finn vi vel snart ut, ler Navarsete.

Eg trur det skal gå bra. Eg har tatt hurtigbåten mellom Sogndal og Bergen nokre gonger utan å kjenne noko. Men det vert vel kanskje litt meir alvorleg denne gongen.

Ikkje joggebukse

Opera er kanskje ikkje det første ein tenker på i kombinasjon med cruise. Då er nok kanskje dansebandcruise meir kjent.

– Dette er i utgangspunktet eit lite skip, og selskapet siktar seg inn mot rikingane. Dei har meir fokus på luksus og komfort, så ï staden for at det er ein by til sjøs, så er det eit hotell til sjøs.

Skipet er klassifisert med seks stjerner, og det er butler til alle gjestene

– Det er ikkje akkurat ein livsstil som eg er vant med. Det verste blir vel kanskje å ikkje få lov til å gå i joggebukse, ler Navarsete.

120 konsertar

På cruiset vert dei seks songarar, der Navarsete og ein kvinneleg sopran frå England står for operadelen.

– Vi skal ha eit reinspikka operashow med mange svisker. Så skal vi ha eit eige recital-show, der vi vel heile repertoaret sjølve, saman med ein klassisk pianist, seier Navarsete.

I tillegg rullerer showet med eit par andre sjangrar som jazz, crooning og musikal.

– Då byter vi slik at vi er koristar medan dei andre er solistar. Då vert det ikkje så einsformig med musikksjangeren heller.

Med kring 40 songar på repertoaret er Navarsete godt i gang med innøving.

– Eg har fått over notar og lydklipp. I juli skal eg til London og då er det forventa at eg kan det meste utanåt, seier Navarsete.