Hopp til innhold

Skal sykle Norge på langs - det blir den ultimate ferien for Christine (26)

Den ultimate ferien for Christine Af Geijerstam (26) er alt anna enn late dagar på ei solseng. Til sommaren skal ho sykle Norge på langs – mest truleg heilt åleine.

Christine Af Geijerstam skal sykle Norge på langs

DEN ULTIMATE FERIEN: Christine Af Geijerstam (26) frå Lavik gler seg til sommaren. Då skal ho sykle frå Nordkapp til Lindesnes.

– Eg har tenkt veldig lenge at dette er noko eg skal gjere ein gong, og så fann eg plutseleg berre ut at kvifor ikkje no, seier Af Geijerstam til NRK.no.

Om tre månader legg ho ut på sin livs tur. Den startar på Nordkapp i midten av juni, og planen er at ho skal sykle i «mål» på Lindesnes etter 25 dagar på sykkelsetet.

– Eg er i mitt livs form, har veldig lyst på ei utfordring og har ikkje lyst på charterferie i sommar. Så då fann eg ut at no gjer eg det.

Hentar overskot frå treninga

26-åringen frå Lavik i Høyanger har alltid vore glad i aktivitet og trening. Dei siste åra har kjærleiken for dette blir endå større og no går det knapt ein dag utan at Christine Af Geijerstam får trent på ein eller annan måte.

– Det blir trent kvar dag, og eg er veldig glad i å bruke naturen til å trene i. Vi bur i eit flott land og eg trivst veldig godt når eg får vere ute, seier ho til NRK.no.

Den sporty sognejenta jobbar som sjukepleiar på barneklinikken på Haukeland universitetssjukehus, og kollegaene fortel ho nesten dagleg at ho er heilt sprø. For medan andre ofte er slitne og tek ettermiddagen på sofaen etter ein lang dag på jobb, berre må Christine ut.

– Eg jobbar veldig mykje, meir enn dei fleste. Overskotet mitt og energien hentar eg frå treninga, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christine Af Geijerstam

ALLSIDIG: Det går knapt ein dag utan at Christine Af Geijerstam er i aktivitet. Her er ho i sving i ein innandørs klatrevegg.

Foto: Privat

– Kjensla du sit att med etterpå

Allsidig er eit ord som passar henne godt.

Når ho skal vere i aktivitet er det alt frå ein time i styrkerommet på treningsstudio, fjellturar og klatring, til toppturar på ski, jogging eller nokre mil på sykkel.

– Eg har lært meg å finne gleda i trening uansett. For meg spelar det ingen rolle kva vêr det er ute for eksempel, det er noko med kjensla du sit att med etterpå som betyr noko, seier Af Geijerstam.

Intensiv treningsperiode

Ein sommarferie ho seint vil gløyme er no under planlegging. Det er ikkje ein tur til fjerne strøk for shopping og soling, men heller ein tur der ho får oppleve Norge på ein unik måte.

I midten av juni set ho seg på sykkelsetet på Nordkapp, framfor seg har ho berre tida og vegen.

– Eg startar i nord og syklar nedover som dei seier, flirer ho.

– Eg har ikkje rekna heilt på kor mange kilometer den ruta eg skal ta bli, men det blir nok rundt 270 mil, seier ho.

– Har du sykla mykje?

– Nei, men eg er veldig allsidig godt trent og eg har sykla ein del.

– Eg trur eg har den fysiske styrken som skal til, og så skal eg leggje inn ein intensiv treningsperiode på sykkel framover. Så eg trur dette skal gå kjempefint.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christine Af Geijerstam skal sykle Norge på langs

PLANLEGGING: Det er mykje logistikk som skal i boks før ein kan leggje ut på turen Nordkapp-Lindesnes.

Foto: Privat

Håpar ho får selskap på turen

Men det er ikkje berre fysikken som må vere på topp når ein skal leggje bak seg fleire hundre mil på sykkel. Også psyken må henge med. Førebels ser det ut til at ho skal sykle åleine, noko ho vedgår at kan bli litt skummelt.

– 25 netter i telt åleine, det kan bli litt mykje for ei som er mørkredd, seier ho lattermild.

Håpet er at ho skal greie å lokke med seg nokon, og ein studiekamerat frå vidaregåande er på gli.

– Eg blir veldig glad om han blir med.

– Alt må planleggast

Men uansett reisekamerat eller ikkje, 26-åringen skal på tur. I tillegg til at det i tida framover blir mange timar på sykkelen er det også mykje planlegging som må til.

– For det første må ein vere i form, for det er snakk om 25 dagar på sykkel. Men ein må også kartlegge reiserute og sjå på alle moglegheiter der.

Ho har allereie snakka mykje med andre som har sykla turen før, og er glad for alle tipsa og råda ho har fått. For det er mykje å tenkje på.

– Du er på tur i 25 døgn, du har ein opphakka sykkel og det er det du har. Det må planleggast kva ein skal ha med seg, kor ein skal sove, kor ein skal handle mat og så vidare. Alt må planleggast i detalj, seier ho.

– Berre det, kor skal eg lade telefonen? Eg vil og ha tilgang til internett, for eg vil blogge undervegs. Men eg har lagt opp til at eg har stogg på tettstader, så det går an å leggje seg inn på campingplassar. Eg tek det litt undervegs.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christine Af Geijerstam

PÅ SKI: Christine er trygg på at ho har den fysiske styrken som skal til for å greie å sykle Norge på langs.

Foto: Privat

Skal sykle 12 mil kvar dag, i ein månad

I snitt vil ho legge bak seg mellom ti og tolv mil kvar dag. Det svarar til dagsetappar tilsvarande Førde-Kaupanger.

– Eg har lagt inn ein full kviledag og 25 dagar med sykling, så totalt skal eg bruke 26 dagar.

– Det blir taktisk med at eg begynner roleg og venner kroppen til det, og så har eg nokre intensive etappar der det er flatt. Men dette må eg regulere litt etter kvart, for det er ikkje alt ein kan vite på førehand.

– Blir det ikkje skummelt å gjere dette heilt åleine?

– Jo, men ein føler seg jo ikkje så åleine. Det er fullt av folk rundt ein heile tida, men som sagt så håpar eg at eg får med meg nokon.

Budd på mange nedturar

For ein reisekamerat å dele gleder og sorger med på turen hadde vore det aller beste vedgår den turglade jenta.

– Det kjem garantert til å bli mange nedturar på denne turen. Ein kjem til å sykle i motvind og regn, ein kjem til å punktere og ja, det er mykje som kjem til å skje. Og då er det godt å vere to, seier ho.

– Eg skal i mål

26-åringen gler seg som ein liten unge til det som ho reknar som den ultimate sommarferien. Opplevingane kjem til å stå i kø når ho skal reise gjennom heile landet.

– Og så den kjensla eg vil få når eg kjem i mål. Den kan sveve på i mange månader etterpå.

– Trur du at du greier dette?

– Ja.

– Det er ikkje noko alternativ å gje seg?

– Nei, det er ikkje noko alternativ. Eg skal i mål på Lindesnes, og eg skal vere ganske alvorleg skadd før eg gir opp. Så det er ikkje noko alternativ.

Christine Af Geijerstam

INTENSIV: 26-åringen er budd på mange timar på sykkel før ho startar turen om vel tre månader. Her er ho på ein treningstur.

Foto: Privat