Hopp til innhold

Skal svi meir å innstille samband

Statens vegvesen skjerpar krava til Fjord1 i det nye anbodet for ferjesambandet Lote–Anda. No trur begge partar at ting skal bli betre.

Bilferja MF Årdal

SKAL BLI BETRE: Ferja mellom Anda i Gloppen og Lote i Eid har hatt ein del problem. No fortel Vegvesenet at dei stiller strengare krav enn før på sambandet.

Foto: Øystein Torheim

Frå 1. januar 2018 startar ei ny tidsrekning på ferjesambandet Anda–Lote. Då vert Fjord1 sitt aller første elektriske samband sett i drift. Statens vegvesen har skjerpa krava til drifta av sambandet.

– Fartøyet skal vere dimensjonert for å kunne gå i rute på sambandet under alle vêr- og sjøtilstandar som ein kan rekne med på sambandet, seier seksjonsleiar for ferje og forvaltningsdrift Anders Sæternes i Statens vegvesen.

Fjord1 har måtte tole kritikk dei siste dagane, både for manglande informasjon og innstilte ruter. No har Statens vegvesen forhåpningar om at nytt anbod, med nye krav, vil gje betre regularitet.

Strammar til

– I tillegg er sanksjonsregimet, dersom ein ikkje klarar å oppfylle kontrakten, stramma inn. Konsekvensen for innstilling er større enn det dei var før, seier Sæternes.

Innstramminga er ei generell innstramming på alle ferjekontraktar. I tillegg til strengare krav til materiell, vil det også svi meir for Fjord1, dersom dei ikkje kan levere som avtalt.

I helga var det innstillingar på sambandet som følgje av vind- og straumforholda ved kaia på Anda. Det nye anbodet set krav om at ferja skal takle nettopp slike forhold.

Kø, Anda-Lote

KØ: Førre veke var det lange køar på sambandet Anda-Lote, i samband med at hovudferja var inne til reparasjon.

Foto: NRK.no-tipser

– For Anda–Lote så har vi også ein forhåpning om at det skal vere ein forbetra regularitet samanlikna med tidlegare. Det må og seiast at sambandet trass alt er eit av dei som har høgst regularitet og i liten grad vert påverka av dårleg vêr, samanlikna med mange andre, seier Sæternes.

Nytt system ved kai

Utfordringane ved ferjekaia på Anda er ofte ein kombinasjon av vêr- og straumforhold. Regionleiar i Fjord1 Tor Kristoffersen seier dei nye ferjene vil bli lettare å ligge til kai med.

– I tillegg til framdrifta vil der vere fortøyingsautomatar på land som bidreg til å halde oss inn til kaia. Enkelt sagt er dei ei stor plate som vert lagt inn til skutesida som det sugast vakuum på som held båten inn til kaia, seier Kristoffersen.

Tor Kristoffersen, Fjord1

TRUR TING BLIR BETRE: Tor Kristoffersen i Fjord1 seier at han vil bli overraska om ting ikkje blir betre enn i dag.

Foto: Fjord1

Regionleiaren meiner selskapet vil betre regulariteten med dei nye ferjene.

– Vi har nytt materiell, ny teknologi, med litt meir kraft å spele på, og så har vi dette fortøyingsarrangementet som vil hjelpe oss når det er litt meir krevjande vind- og straumforhold. Vi har kjempetru på at det vert mykje betre enn i dag.

Kan du garantere at det vert betre?

Vi kan aldri skrive ut garantiar, men det er det vi planlegg med og byggjer for, så det vil overraske meg stort om det ikkje vert betre enn i dag.