Hopp til innhold

Fleire som Eirik (18) skadar ryggen. No vil ein olympiatopptrenar hjelpe dei

FØRDE (NRK): Lærlingar i byggbransjen trenar styrke som Therese Johaug for å halde seg skadefri.

Eirik Bygstad

KREVJANDE YRKE: Tømrarar som Eirik Bygstad er meir utsett for arbeidsrelaterte slitasjeskadar enn mange andre yrkesgrupper.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Tømrarlærlingen Eirik Bygstad (18) festar ei gipsplate med ein spikarpistol. Han jobbar i andre etasje på det som skal bli eit nytt leilegheitskompleks i Førde. Bygstad kjenner fleire jamaldrande lærlingar i byggbransjen som allereie slit med belastningsskadar.

– Når ein ber tungt ryk det fort noko i kneet, ryggen eller hofta. Eg har ikkje blitt skada sjølv, men kjenner fleire på min eigen alder som har skada seg på jobb. Eg tek derfor alltid forholdsreglar når eg skal bere tungt, seier Bygstad.

Han har ifølgje ein rapport frå Arbeidstilsynet større fare for arbeidsrelaterte slitasjeskadar i rygg, armar og i beina enn folk i andre yrkesgrupper.

Mathias Lilleheim (til v.) samarbeidar med leiar for opplæringskontoret Byggopp, Håkon Svoen.

SAMARBEID: Mathias Lilleheim (til v.) og Håkon Svoen meiner ungdom i dag er dårlegare rusta for bygg- og anleggsarbeid.

Foto: Lars Volldal / NRK

– Unge i dag er dårlegare rusta for hardt fysisk arbeid

Eirik Bygstad og eit tjuetals andre lærlingar i byggfag er samla i eit øvingsrom for yrkesfagleg opplæring ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Dei skal kursast i korleis dei bør trene for å hindre vanlege skadar i deira arbeid.

– Å jobbe i byggbransjen kan vere veldig farleg for helsa, så det er bra at vi lærer korleis vi kan førebyggje nokre av dei vanlege skadane, seier Eirik Bygstad.

Byggopp Sogn og Fjordane, opplæringskontoret for bygg- og anleggsfag i fylket, arrangerer kurset.

Leiaren for opplæringskontoret, Håkon Svoen, merkar at fleire lærlingar er i for dårleg form til å takle dei fysisk krevjande bygg- og anleggsyrka.

– Ungdommar sit meir stille enn før og er dårlegare rusta for hardt fysisk arbeid. Derfor må vi ha meir fokus på å lære dei gode vanar i lærlingtida, seier han.

Mathias Lilleheim

TRENING MED MEINING: Mathias Lilleheim viser Eirik Bygstad (til h.) og andre lærlingar i byggfag frå Sogn og Fjordane korleis dei bør trene.

Foto: Lars Volldal / NRK

Olympiatopptrenar vil trene snikkarar på jobb

Byggopp har derfor inngått eit samarbeid med tidlegare olympiatopptrenar Mathias Lilleheim. Han er ekspert på funksjonell trening og har jobba med fleire av Noreg sine største idrettsstjerner dei siste tretti åra. Deriblant Marit Bjørgen og Therese Johaug.

Funksjonell trening handlar om å bygge tøyelege og stabiliserande musklar, som hjelper ein å utføre dei funksjonane ein treng i kvardagen.

Eirik Bygstad

FOKUS: Eirik Bygstad øvar på korleis ein skal gjere armhevingar for å bygge funksjonelle musklar.

Foto: Lars Volldal / NRK

Lilleheim viser Bygstad og dei andre korleis ein styrkjer musklane i magen.

– Prinsippa for funksjonell trening er dei same for alle. Anten det er snakk om Marit Bjørgen eller ein tømrarlærling. Ein treng berre tilpasse øvingane og intensiteten, seier Lilleheim.

Kurset på Mo og Øyrane var ein prøvesmak for lærlingane. For Lilleheim er målet å følgje opp Bygstad og dei andre lærlingane ute i bedriftene.

– Det er på høg tid at bygg- og anleggsbransjen legg til rette for skadeførebyggande trening i arbeidstida, seier han.