Medan dei fleste ville grue seg intenst til å springe 100 kilometer, har Per Olav Bøyum allereie starta å gle seg til vårens store utfordring:
Då skal Syril-løparen delta i EM og VM i ultraløp i Italia.
– Det er frykteleg moro. Sjølvsagt er det periodar undervegs som er veldig vanskelege, men når ein kjem i mål er det ei veldig OK kjensle, seier 37-åringen.
- LES OGSÅ:
– Er nok langt unna verdstoppen
Per Olav Bøyum er ein av 13 norske løparar, som skal forsvare Norges ære under EM og VM i ultraløp i italienske Seregno og Brianza i april neste år.
Sogningen har vore med éin gong tidlegare, og enda då om lag på 30. plass.
– Eg er nok langt unna verdstoppen. Men eg håpar å springe ned mot den personlege rekorden min, og kanskje raskare. Men det kjem litt an på vinteren og om det blir gode treningsforhold, seier Bøyum.
Mange løparar er opp i åra
Den personlege rekorden på 100-kilometeren er på 7,24 timar. Det karakteriserer han som ein god dag på jobben.
Og det er slett ikkje verst for ein løpar som først byrja å trene skikkeleg i midten av 20-åra...
– Eg byrja med maraton, før eg gjekk vidare med ultraløp. Det er litt spesielt med lange løp – mange av oss er ein del opp i åra. Ein må ha eit godt grunnlag, forklarer Bøyum.
Slit med kvalme og dårleg matlyst
Han vedgår at kroppen ikkje kjennest tipp-topp etter fullførte 100 kilometer. Då er han veldig stiv og sliten.
Og det første døgeret har han ikkje særleg matlyst.
– Ultraløp er ei enorm påkjenning for kroppen. Eg blir gjerne kvalm under løpet – og eg har ikkje særleg matlyst heller, seier Bøyum.
No satsar han på å trene godt gjennom vinteren. 37-åringen ligg vanlegvis på om lag 600 treningstimar gjennom året. Som «mosjonist».