NRK Meny
Normal

– Har gått frå å vere snobbesport til folkesport

SANDANE (NRK): Sandane golfklubb har ein stabil tilvekst av nye medlemmar, og merkar seg at interessa auka både hjå yngre og eldre.

Golferar på Sandane

SPELAR MYKJE: Dei fire golfarane Odd Eikenes, Arvid Rygg, Didrik Eide og Gudmar Eikenes brukar gjerne fleire timar på golfbana.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Det er veldig god aktivitet her, det er alt frå pensjonistar til born ned i 7–8 års alderen som finn vegen til Eide og golfbana. I tillegg er det nokre turistar som tar turen innom, seier dagleg leiar i Sandane golfklubb, Didrik Eide.

Sandane Golfklubb vart skipa i 1999 og har i dag over 300 medlemmar.
Klubben har hatt ei stabil medlemsauke siste åra. Det er først og fremst er lokale brukarar av bana.

Kan vinne over Tiger Woods

Morgondogget ligg i graset og fire habile golfarar har samla seg på greenen ved eit av dei ni hola på golfbana på Eide i Gloppen. Didrik Eide, Arvid Rygg, Odd Eikenes og Gudmar Eikenes er alle samde om at golf er ein god fritidsaktivitet.

– Det er heilt fantastisk at vi har eit slikt tilbod ute på bygda. Vi kan besøke golfbana kvar einaste dag frå tidleg vår til sein haust, seier Gudmar Eikenes.

Vidare understreka dei at det er kjekt at alle kan spele på same nivå, gjennom ordninga med handikap.

– Dette er ein sport for alle! Ein får delta på det nivået ein er på. Eg kan til dess konkurrere mot Tiger Woods å slå han, fordi han har så mykje betre handikap enn meg, fortel Eikenes.

Ikkje ein sport for snobbar

Hole in one

HOLE IN ONE: Arvid Rygg har klart å treffe inn i denne hola to gongar direkte frå utslag. Han trur ikkje mange andre hadde klart det om dei prøvde.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Golfarane hevdar at golf no er blitt ein folkesport, som slett ikkje flår deg for pengar.

– For ein del år sidan var det mykje sløyfer og knickers, men no er dette ein sport for absolutt alle, fortel Odd Eikenes.

For å spele golf på baner i inn- og utland må ein ha eit grønt kort. Dette får ein gjennom praktisk opplæring i ein golfklubb.

– Då eg byrja med golf måtte eg sette meg på skulebenken att å lese teori, samt svare på skriftlege spørsmål. Medan no er det praktisk opplæring, der alt som skal til er vanleg folkevett, seier Arvid Rygg.

Etiketten på bana

Dei fire rutinerte golfarane er trygge på ord og uttrykk, som to under par, birdie, eagle og hole in one, men poengsystemet er ikkje alltid like enkelt.

– Eg konsentrera meg om å spele for eg er ikkje heilt trygg på poeng og slag. Men der er alltid ein eller annan som kan halde kontroll. Det viktigaste er å ha det kjekt, fortel Rygg.

Sjølv om ein skal ha det kjekt når ein golfar. Er det enkelte ting ein må ha på stell.

– Ein må oppføre seg som ein golfar. Det viktigaste å huske på er at på golfbana er vi vener og tiltalar kvarandre venleg. I tillegg er det viktig å vere ærleg, seier Eikenes.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.