Hopp til innhold

Skal spele i minst 25 timar i strekk

Dei har spelt sidan klokka 12 onsdag. I heile natt skal åtte unge spelarar halde det gåande utan pause. Torsdag klokka 13 kan dei ha sett ny verdsrekord i sandvolleyball.

Med ein sandvolleyballkamp samanhengande over eit døgn, håpar dei å setje verdensrekord. NRK sender video frå bana heile kampen. Kampstart onsdag 12. november kl 1200.

DIREKTE I NETT-TV: Her kan du sjå jakta på verdsrekord minutt for minutt. NRK.no strøymer heile rekordforsøket.

– Klokka 18 hadde laga spelt i seks timar. Då var ein fjerdedel unnagjort, fortel Magne Hornnes, volleyballærar ved Sunnfjord Folkehøgskule.

Fryktar natta

Skulen er dermed godt inne i sitt andre verdsrekordforsøk på to månader. I september elevar rekord med ein 90 timar lang volleyballkamp. Men mens den gjekk føre seg på tradisjonell parkett – og med innbytartarar, går det nye rekordforsøket føre seg i sanden, i sandvolleyballhallen på Vie i Førde.

Byte av spelarar er ikkje tillate. To damelag og to herrelag spelar kontinuerleg mot kvarandre på kvar si bane.

– Knekken kjem i natt og tidleg i morgon. Då byrjar det nok å røyne på. Vi har oppmoda elevane ved folkehøgskulen om å komme i hallen så tidleg som mogleg for å vere med på å heie dei vidare.

(Artikkelen held fram under videospelaren.)

Vollyeballærar Magne Hornnes ved Sunnfjord Folkehøgskule om verdsrekordforsøket i sandvolleyball.

VIDEO: Volleyballærar Magne Hornnes ved Sunnfjord Folkehøgskule om verdsrekordforsøket i sandvolleyball.

Får berre korte pausar

For å setje ny verdsrekord må spelarane halde det gåande meir eller mindre i eitt.

– Dei får fem minutt pause for kvar spelte time. Då må ein få unnagjort toalettbesøk, mat og slike ting. Drikke gjer ein når ein byter side. Vi rår dei til å ikkje prøve å sove. Det er viktig at ein held varmen i pausane.

Det magiske klokkeslettet blir først nådd klokka 13.00. Då passerer dei gjeldande verdsrekord.

Spent på kven som held ut lengst

Ifølgje Hornnes laga likevel ingen planar om å gi seg straks ein eventuell verdsrekord er nådd.

– Her blir det interessant også å sjå kven som held ut lengst og er seigast, damene eller herrane.

– Er det sundt å tøye grensene slik?

– For oss handlar det om å gi elevane utfordringar. Damer som menn. Dei som skal i militæret møter til dømes helvetesveka. Kjensla når ein har klart noko slikt er viktig. Det handlar om meistring, seier volleyballæraren.

Åtte unge volleyballspelarar freistar å setje ny verdsrekord i sandvolleyball.

VIDEO: Slik såg det ut under rekordforsøket onsdag ettermiddag.

Laga består av seks elevar frå Sunnfjord Folkehøgskule, og to eksterne spelarar.

Dette er damelaga:

  • Veslemøy Engh og Karoline Halvorsen
    møter:
  • Ingvild Gilje og Ane Spurkeland

Gilje og Spurkeland er tidlegare elevar ved SFH, men spelar til dagleg for BSI Volley i Bergen.

Dette er herrelaga:

  • Ivan Bostad og Harald Johansen
    møter:
  • Kjetil Tellnes og Andreas Svanes