Hopp til innhold

Skal slepe lasteskip til Ølen

Eit utanlandskregistrert lasteskip får laurdag slep frå Måløy til Ølen i Hordaland. Skipet skal ha fått motortrøbbel, og låg til kai i Måløy då slepebåten «Stadt Sløvåg» tok det på slep i føremiddag. Gjennom Måløysundet hang redningsskøyta «Halfdan Grieg» bak skipet, for å sikre at skipet ikkje kom ut av kurs i det smale området. Skipet blir slepa til verkstad.

Lasteskip på slep i Måløy