NRK Meny
Normal

Skal skape åtgaum på Youngstorget

Første søndag i mai kjem Youngstorget til å myldre av glade vestlendingar. Sogn og Fjordane fylke har 250 års jubileum i 2013, og noko av feiringa skjer altså på Youngstorget.

Åtgaum
Foto: Framtidsfylket

Arrangementet på Youngstorget 5. mai har fått det klingande namnet Åtgaum.

– No er eg nok over middels glad i språk, og eg tykkjer det er eit fint ord.

Det seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket og på veg over Hemsdalsfjellet til Oslo med effektar som forhåpentlegvis skal vekke åtgaum på Youngstorget når nrk.no får tak i ho på telefon.

Gro Rukan

SKAL SKAPE ÅTGAUM: Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket

Foto: Thomas Bickhardt

– Åtgaum betyr jo å skape merksemd i positiv forstand, og det at ordet har gått litt i gløymeboka gjer jo nettopp at du får ein stogg-effekt på den som ser det, anten du er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar, seier Rukan.

Duk og dekka bord

Framtidsfylket, som er arrangør for festen, har laga eit program som skal kunne gle nokon og einkvar. Dei inviterer til "duk og dekka bord". Alle som kjem på Youngstorget den dagen vil rett og slett få ei sanseleg oppleving frå tidleg til seint, seier Rukan.

– Her blir det gratiskonsertar med artistar frå Sogn og Fjordane som til dømes Eva & The Heartmaker, Gisle Børge Styve Trio, Thea Hjelmeland og Synnøve Bjørset. Rukan seier det og blir langbord med lokalprodusert mat frå fjordfylket og sal av drikke frå dei prisløna mikrobryggeria i fylket.

Sjå heile programmet på heimesida til Framtidsfylket

– Eg gler meg verkeleg til denne dagen, seier dagleg leiar i Framtidsfylket Gro Rukan

Fotball på storskjerm

Dagen vert avslutta med fotball på storskjerm. Den vestlandske spenningskampen Sogndal – Brann frå kl 19-21. Vestlendingar som ikkje kan vere på heimebane den kvelden kan samlast på Youngstorget og dele fotballgleda.

Dagen etter, måndag 6. mai, skipar dei til Framtidsfylket Karrieremesse i Oslo. Dette er ei messe berekna på studentar og nyutdanna. Håpet er at mange studentar og andre som er interessert i jobb i Sogn og Fjordane kjem. Kring 30 verksemder skal vere på plass.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå