Hopp til innhold

No skal vogntoga skannast for å luke ut farlege køyretøy

Kontrollportar med varmesøkjande kamera blir snart ein røyndom på norske vegar. Statens vegvesen vil luke ut farlege vogntog med å skanne dei. På tunneltette Vestlandet er Bergen og Lærdal først ut.

Kontrollportal for trailer

TRAILERPORT: Denne kontrollporten ved St. Gotthart i Sveits dannar mønster for korleis kontrollportane i Norge kan bli sjåande ut. Den første kan vere på plass i 2017 eller 2018.

Foto: Statens vegvesen

– Vi planlegg å bygge portalar som skal skanne tunge køyretøy. Sjølv under fart kan denne teknologien ta eit tredimensjonalt bilde av heile vogntoget og finne ut om det er varmgang i det.

– Vi må utvikle teknologi som gjer oss i stand til å plukke ut køyretøy før dei byrjar å brenne i tunnelane, seier prosjektleiar Jan Tore Odd i Statens vegvesen region Vest.

Kontrollportal for trailerar

SKANNAR: Illustrasjonen viser korleis portane med varmesøkjande kamera vil avsløre varmgang i bremser. På Vestlandet blir dei første bygd i Bergen og i Lærdal.

Foto: Statens vegvesen

Prosjektet han jobbar med kan revolusjonere korleis vegvesenet kontrollerer tungtrafikken her til lands.

– Dersom desse kontrollportane finn eit vogntog med ein aksling som er overbremsa eller varm, vil systemet vurdere faren ved å nytte fargekodar. Køyretøyet vil bli merka i eit digitalt system og det vil gå ein alarm som seier at køyretøyet må stoggast, seier Odd.

Teknologien baserer seg på liknande portalar i Sveits, men det norske vegvesenet vil automatisere systemet endå meir ved å nytte erfaringane dei har frå teknologien som automatisk kjenner att bilskilt.

– Det betyr at når køyretøyet kjem i nærleiken av ein kontrollstasjon med automatisk avlesing av bilnummer, så vil varselskilta slå seg på for denne sjåføren og fortelje at køyretøyet må inn til stasjonen, seier prosjektleiaren.

Blir merka

På Vestlandet vil Bergen og Lærdal få dei første kontrollportane. Dette er i kvar ende av alle E-16 tunnelane som tel nesten 40 stykk over 22 mil.

Kontrollportal for trailerar

SER DEG: I teorien kan alt på vogntoget lesast i kontrollporten. Illustrasjonen viser korleis kamera kan fungere.

Foto: Statens vegvesen

For vogntoga som blir plukka ut nyttar det ikkje å stikke av eller skulde på at kontrollstasjonen var ubemanna då varselet kom.

– Blir eit køyretøy merka som trafikkfarleg heng merkinga på til alt er ordna. Vi kan ta dei ut kvar som helst i landet der vi har eit slikt system, uansett om det er Bergen, Lærdal eller Toten, seier Odd.

Jan Tore Odd

NY TEKNOLOGI: Prosjektleiar Jan Tore Odd i Statens vegvesen region vest.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kvar kontrollport vil koste mellom fire og seks millionar kroner.

I transportnæringa jublar dei over tiltaket.

– Dette er i tråd med kva vi har jobba med i mange år. Vi ynskjer ei auka satsing mot useriøse aktørar og kontroll mot dei som aukar risikoen på vegane våre, seier kommunikasjonsrådgjevar i Norges Lastebileiar-Forbund, Stein Inge Stølen.

Inn i register

Stein Inge Stølen

NØGD: Stein Inge Stølen er nøgd med kontrollportalane som er planlagde på E16.

Foto: Norges Lastebileier-Forbund

Kontrollportane er ein del av ein langsiktig plan som også inneber eit register som overvakar trafikken i Norge, frå korleis det står til med køyretøyet, innbetaling av bompengar og avgifter, køyre- og kviletid og miljøstandard på bilane.

I Statens vegvesen region vest kjem den første portalen med varmesøkjande kamera og skannar ved nye Bergen trafikkstasjon i Åsane. Den neste vil kome på E 16 ved Borlaug i Lærdal, like etter nedstigninga frå Filefjell og Hemsedalsfjellet.