Hopp til innhold

Skal sjekke om ny dyresjukdom er farleg for menneske

LÆRDAL (NRK) Det er oppdaga nok ei skrantesjuke i Norge. Prionforskar ved Veterinærinstituttet kan ikkje sjå bort frå at den er farleg for menneske.

CWD rein Lærdal

FORSKAR: Forskarar vil halde fram med å kartleggje dei ulike variantane av skrantesjuke. Her frå gransking av rein i sommar i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Den frykta og mykje omtala dyresjukdomen skrantesjuke er funne på til saman fem dyr i Norge.

Den er påvist på tre villrein i Nordfjella og på to elgar i Selbu i Trøndelag.

Men sjukdomen som råka elgane i Trøndelag, er ikkje av same type som den som er påvist på villreinen i Nordfjella.

– Sjukdomen på elgane i Selbu er ein annan type prionsjukdom. Den er aldri før blitt rapportert nokon stad i verda, seier prionforskar Sylvi Benestad ved Veterinærinstituttet til NRK Sogn og Fjordane.

Må truleg utryddast

Ho var med i fagkorpset som heldt folkemøte i Lærdal kulturhus onsdag, der det vart varsla at heile villreinstamma i sone 1 av Nordfjella, truleg må utryddast for å vinne over den frykta dyresjukdomen.

Sylvie Benestad

FANN NY SJUKDOM: Prionforskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Skrantesjuke på villreinen i Nordfjella er lik sjukdommen Chronic Wasting Disease i Nord-Amerika, og kunnskapen norske forskarar støttar seg på, er frå erfaringane som er gjort her.

Villrein

VILLREIN: Skrantesjuke på elgane i Selbu var ikkje av same type som villreinen i Nordfjella.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

Veit lite om sjukdomen

Benestad åtvarar om at forskarane veit svært lite om den nyoppdaga sjukdomen i Trøndelag.

– Vi veit svært lite. Og vi veit ikkje kva som er skilnaden mellom den nye sjukdomen og den meir kjende sjukdommen i Nordfjella og Nord-Amerika. Heller ikkje kva som blir konsekvensane, om den smittar meir mellom hjortedyra eller ikkje, seier Benestad.

– Betyr funnet at skrantesjuke har vore i Norge lenge?

– Det veit vi lite om, fordi det er testa minimalt i Europa. Men det eg veit er at typen aldri før er rapportert. Dette er alvorleg, for alt vi veit om Skrantesjuke har vi lært av typen som finst i Nord-Amerika.

– Må vere meir varsame

Det har tidlegare blitt sagt at desse dyresjukdomane ikkje er farlege for menneske. Men med den nyoppdaga greina av skrantesjuke, vil ikkje forskarane ta nokon sjansar.

– Skrantesjuke på reinsdyr er ikkje farleg. Men vi veit absolutt ingenting om den nye på elgane, seier Benestad.

Ho vil ikkje på noverande tidspunkt slå fast at den nye varianten av skrantesjuke er farleg for menneske, men dei kan ikkje utelukke det.

– Eg seier ikkje at det er meir farleg. Eg seier berre at vi må vere varsame fordi vi veit ingenting. Det må meir forsking til. Veterinærinstituttet har alt sett i gong undersøkingar, seier Benestad.