– Vi går breitt ut med ulike utgreiingsalternativ, og så er dei meininga at vi skal snevre dette inn i aprilmøte.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Etter kommunestyremøtet i går vil ikkje Offerdal peike på noko alternativ som meir realistisk enn andre. Fram til møtet i april skal dei sjå på seks ulike alternativ:
- Kommunane på nordsida av Sognefjorden, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand og Høyanger.
- Storkommune i Sogn, med alle kommunane frå Årdal til Høyanger.
- Storkommune med Sunnfjord og Sogn. Det er Førde, Jølster, Naustdal, Gaular, Høyanger og Balestrand.
- Høyanger og Balestrand
- Balestrand held fram som eigen kommune.
- Balestrand, Høyanger og Hyllestad.
Så langt er det berre Høyanger og Hyllestad som har tatt kontakt med Balestrand.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– I kommunestyret var det mange ulike synspunkt, og vi må vel og ta ein kontakt med Vik på sørsida av Sognefjorden.
Også innbyggarane i kommunen blir trekte inn før Balestrand kommune skal ta endeleg standpunkt til kva alternativ dei skal velje.
– Det blir folkemøte i månadsskifte februar – mars og i slutten av mars gjennomfører vi ei innbyggarundersøking, før vi endar opp med ei endeleg avgjerd i april.