Hopp til innhold

Spriten verkar ikkje mot magesjuke – no skal forskarane finne ut om ozongass kan bli ei erstatning

Dagleg går det med tusenvis av liter med handsprit i helsevesenet. No skal forskarar finne ut om vatn med ozongass kan erstatte spritvasken.

Antibac

SKAL FORSKE PÅ HANDHYGIENE: Handdesinfeksjon er ein viktig del av helsevesenet. No skal forskarar sjå på om ozongass kan erstatte spriten.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

– I dag gnir ein hendene med sprit i 30 sekund. Vi skal sjå på om vatn tilsett med ozongass har same effekt, seier prosjektleiar Hans Johan Breidablik.

Ein stor del av kvardagen til helsepersonell består av hygiene og smittevern gjennom desinfisering og handvask. Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet skal no samarbeide om eit nytt forskingsprosjekt, for å finne ein metode som kan vere enklare og betre for å overvinne bakteriebomber.

– Å reinse vatn med ozon er blant anna brukt i næringsmiddel. Vi vil sjå på om dette er noko vi kan bruke i helsevesenet. Det er alltid behov for å finne nye måtar ein kan reinse hendene på. Det er ikkje alle helsearbeidarar som toler handdesinfeksjonen like godt, seier Breidablik.

Høgaktuelt etter utbrot av norovirus

Før spritvasken gjorde sitt inntog, var såpe og vatn god latin i det norske helsevesenet. Det er likevel ikkje alt spriten tek knekken på, noko påskegjestane på Hardangervidda fekk kjenne på.

– Handhygiene har blitt viktigare og viktigare. Både med tanke på dei dramatiske oppslaga om norovirus i det siste, men òg i jobben med å få ned bruken av antibiotika. Å redusere spreiing av bakteriar kan føre til mindre bruk av antibiotika.

For å teste metoden skal forskarane undersøke hendene til sjukepleiarstudentar.

– Studentane skal teste ut både spritvask og vatn som er tilsett ozongass, så skal vi samanlikne metodane ved å sjå på bakteriane i hendene, seier Breidablikk.

Det er gjort nokre liknande forskingsprosjekt andre stadar i verda.

– Resultata viser at det gir ein effekt, men kanskje ikkje like god som spritvask, seier Breidablik.

Hans Johan Breidablikk har studert korleis born og ungdom i Sogn og Fjordane har det.

VIL SJÅ PÅ EFFEKTEN AV OZON: Hans Johan Breidablikk er prosjektleiar for forskingsprosjektet som skal sjå på effekten av ozongass i vatn.

Foto: Arve Stubhaug

Folkehelseinstituttet: – Viktig med nye metodar

Seniorrådgjevar ved Folkehelseinstituttet, Mette Fagernes, ser ei klar ulempe ved ozongass i vatn.

– Det krev vasstilførsel. Ei styrke ved handdesinfeksjon er at det er tilgjengeleg «over alt», seier Fagernes.

Sjølv om ein har effektive metodar for handhygiene, er det likevel viktig å finne nye metodar, meiner ho.

– Handhygiene er kanskje vårt aller viktigaste førebyggande tiltak mot smitte. Sjølv om vi har gode og effektiver metodar, så er det av stor interesse å kartlegge andre.