Hopp til innhold

Skal selge Sogn på vinterstid

25 selskap i Sogn satsar saman for å trekke vinterturistar.

- No har vi skifta namn på fenomenet. Det som var iskatedralen er no blitt til "den blå laguna".

Bregrotta i Jostedalen er ein av vinterattraksjonane i Sogn.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Her trur me absolutt der er eit potensiale. Mange av tilbydarane våre har alt kontaktar og kundar i utlandet. Me må jobbe vidare med å lage pakke, for når det gjeld vinterturisme er det viktig. Det må vera lett å kjøpa, seier dagleg leiar i reisemål Sogndal og Luster, Iren Vatne.

Satsar saman

25 selskap i Sogndal og Luster har no slått seg saman og satsar tungt for å marknadsføre regionen som vintersportstad. Prosjektet har ein prislapp på 1,6 millionar kroner dei to neste åra, og nyleg sa Innovasjon Norge ja til å gå inn med 750 000 kroner.

- Me har jobba nokre år med eit lite prosjekt som heiter "Ski i Sogn", men no har me fått ein kjempesjanse til å løfte dette opp og verkeleg få gjort noko med det, seier Vatne.

Viktig for regionen

- Dette er ei flott satsing. Me har gode naturgitte forhold og det å få sett heile regionen under eitt er absolutt positivt, seier ordførar i Luster, Torodd Urnes.

- Me har eit heilt unikt område som nesten ingen utnyttar på vinterstid. Me har ein marknad her og det gjeld berre å kome i gang og få gjort noko, seier Vatne i Reiseliv Sogndal og Luster.