NRK Meny
Normal

Skal segle over Atlanterhavet

Ole Kristian Horstad er i gong med jordomsegling. I november skal han ta seg frå Europa til Karibien.

Ole Kristian Horstad

PÅ EVENTYR: – Eg ville gjere noko spennande før eg blir sitjande fast i A4-livet, seier Horstad.

Foto: PRIVAT

– Det blir nok heilt suverent, men eg må vente på eit bra vêrvindaug. Passatvindane går rette vegen tidlegast i november, seier han.

36-åringen frå Førde henta heim seglbåten sin i fjor, med ein draum om å reise jorda rundt.

Ole Kristian Horstad i Skottland

SKOTTLAND: Horstad stoppa i Fort Augustus då han reiste gjennom Den kaledonske kanalen.

Foto: PRIVAT

10. juni la han frå land, og på vekene som har gått har han reist til Shetland, Inverness, gjennom Den kaledonske kanalen, Isle of man, Holyhead og til slutt til Crosshaven i Irland.

Førebudd på storm

Er du redd for storm over Atlanterhavet?

– Det heiter seg at den tryggaste plassen å vere er midt på havet, der gjer stormen minst skade. Mykje vind gjer ingenting så lenge det ikkje er veldig store bølgjer. Passar ein på vêrbiletet i utgangspunktet, skal ein sleppe unna dei verste stormane.

Han seier at det er viktig å ta sine forholdsreglar: Til dømes å halde det ryddig på båten, så det ikkje er lett å snuble.

Ole Kristian Horstad på jordomsegling

SOLNEDGANG: – Kjensla av fridom på havet er fantastisk, seier Horstad.

Foto: PRIVAT

– Men det nyttar ikkje å bekymre seg. Ein får vere så førebudd ein kan. Det som skjer, det skjer.

Han veit ikkje enno kva rute det blir over havet. Han kan anten segle frå Kanariøyene til Karibien, eller han kan segle frå Kapp Verde til Brasil. Vel han den fyrste, blir reisa omlag 30 dagar lang. Den andre ruta vil ta halvparten så lang tid. Han er ikkje redd for havet.

– Klart det er farleg, men det farlegaste vi gjer er å køyre bil. Den største utfordringa blir å vere åleine så lenge, seier han.

Fekk uventa reisefølgje

Horstad seier han ikkje har hatt så mange utfordringar så langt på reisa. Derimot har han hatt fleire positive opplevingar. Rett utanfor Crosshaven fekk han mellom anna oppleve delfinar på nært hald.

– Eg er sjokkert over at eg fekk oppleve det så langt nord, og det var stort at dei ville leike litt. Dei symte ved baugen i omlag tjue minutt.

Horstad på jordseilas

BRA VÊR: Horstad synest han har fåt tmykje sol.

Foto: PRIVAT

Han har også vore heldig med vêr og temperatur.

– I England og Skottland er klimaet veldig likt det norske, men eg har fått mykje meir sol enn eg er vant med, seier han.

Blir du solbrent då?

– Nei, eg har ein sånn «kids lotion» med faktor 40, så det går bra.

– Følgjer hjartet og lysten

– Neste etappe er å krysse Biscaia-bukta for å komme til Spania. Det er ein passasje med dårleg rykte, fordi vêret kan vere hardt, seier Horstad.

Innan eitt år skal han vere tilbake i Noreg.

– Då satsar eg på å leggje båten på land ein stad i Karibien, og reise heim og jobbe litt.

Og deretter?

– Eg håpar å reise tilbake og nyte livet vidare.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.