NRK Meny
Normal

Skal samtale med joggarar

Politiet i Årdal skal i løpet av dagen samtale med franske joggarar som deltek i maratonløpet Les Raid des Trolls.

- Vi har lokalisert desse joggarane og har namna på dei. Vi vil snakke med dei i løpet av dagen, seier politibetjent Knut Arne Klingenberg.

Joggarane har sprunge mellom Tyin og Tyinosen der vitne har sett ei jente langs vegen.

Klingenberg vonar at franskmennene kan tilføre saka nye opplysningar som gjer at dei kan finne den sakna Charlotte Moene (17) frå Øvre Årdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser