Hopp til innhold

Skal revurdere krav om einerom for sesongarbeidarar

Arbeidstilsynet set på bremsene og seier dei på nytt vil vurdere kravet om einerom for sesongarbeidarar.

Borghild Lekve

VIL TENKJE SEG OM: Regiondirektør Borghild Lekve seier dei no vil gå i dialog med bransjen om korleis regelverket skal praktiserast.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fleire norske bærprodusentar har fått varsel frå Arbeidstilsynet om at dei må tilby sesongarbeidarar einerom. Dette har skapt sterke reaksjonar i bransjen. Fleire bærbønder meiner kravet vil vere katastrofalt og bety kroken på døra.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

– Ikkje ferdigbehandla

Reaksjonane på det varsla pålegget har fått Arbeidstilsynet til å tenkje seg om.

– Dette er ei sak som ikkje er ferdigbehandla og det er ikkje konkludert. Vi vil no gå djupare inn i saka og gjere ei ny vurdering i dialog med bransjen, seier regiondirektør for Arbeidstilsynet på Vestlandet, Borghild Lekve.

– Vanleg praksis

– Kvifor har de ikkje gjort ei slik vurdering før de sende ut varsel om pålegg?

– Vi har følgt vanleg forvaltningspraksis i denne saka. Men vi ser at det er naudsynt å sikre at det er lik praksis over heile landet. Difor ønskjer vi å gå inn i saka på nytt og gjere ei ny vurdering.

– Har gjort inntrykk

– I utgangspunktet er regelverket ganske tydeleg. Det seier at arbeidstakarane har krav på einerom, men det er og mogeleg å bruke skjønn, blant anna ved å sjå på lengda på arbeidsperioden og andre forhold. Vi ønskjer no å vurdere saka opp mot andre saker andre stader i landet, forklarar Lekve.

– Betyr det at bøndene som har fått eit slik varsel kan sjå bort frå det?

– Det betyr at det ikkje er gjort eit endeleg vedtak og at vi skal sjå på det på nytt, svarar Lekve.

– Kva inntrykk har det gjort å sjå og høyre reaksjonane frå bøndene?

– Det gjer sjølvsagt alltid inntrykk å høyre reaksjonar frå dei involverte partane. Men samstundes er det slik at vi må forhalde oss til regelverket og sjå til at vi forvaltar det på ein korrekt og heilskapleg måte.

Lekve håpar dei har ferdigbehandla saka før året er omme, men vil ikkje love noko.

Glad for ny vurdering

Omar Vangsnes i Sognebær i Vik er glad for at tilsynet no har sett på bremsene og vil tenkje seg om.

Omar Vangsnes

BÆRBONDE: Oma Vangsnes er glad for at tilsynet vil lytte til bransjen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er bra at dei konkluderer med at det skal gjerast ei breiare vurdering der organisasjonane er med på laget, seier bærbonden.

– Alle er innforstått med at vi har eit regelverk som skal sikre fornuftige forhold for dei tilsette. Men det må vere eit fornuftig regelverk der det og er høve til å bruke skjønn med tanke på lengda på arbeidsforholdet. Vi snakkar ikkje om fast tilsette, men om personar som bur her nokre få veker. Då er det særleg vanskeleg å møte dei krava som vert stilte no, meiner Vangsnes.