Hopp til innhold

Her må du bu deg på venting igjen - no skal det reinskast meir i fjellsida

Onsdag startar runde to med reinsking av Skjersura over E39 i Jølster. – Vegen blir stengd i inntil ein time i slengen, seier byggjeleiar Skule Jacobsen.

Skjersura

SIKRAR: Onsdag startar ei ny runde med reinsking av fjellsida ved Skjersura i Jølster. Det kan by på venting for reisande.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Vegstrekkja mellom Årdal og Ålhus er rasutsett og no er det duka for ein ny månad med vegarbeid.

Måndag til laurdag kan vegen bli stengd i periodar på inntil ein time frå klokka 07 til 19.

– Det blir tre veker med reinsking. I tillegg skal vi setje opp ein kring 200 meter lang fangvoll nede ved vegen og fanggjerde frå enden på ura og kring 300 meter vestover, seier byggjeleiar Skule Jacobsen hos Statens vegvesen.

Sikrar 500 meter

Skule Jacobsen

BYGGJELEIAR: Skule Jacobsen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Også i fjor haust vart det gjort sikringstiltak i fjellsida over E39 ved Skjersura . Punktet har ein del oppsprukke fjell. Den siste tida er det rydda ein del skog for å leggje til rette for gjerda.

Måndag og tysdag blir det gjort klart til arbeidet som tek til onsdag. Jacobsen seier at kring 500 meter av strekka forbi Skjersura blir tryggare med tiltaka.

– Sjølv om geologane ikkje kan garantere det heilt trygt, så vil det bli atskilleg tryggare. Det vil vere mykje fjell att, men vi får plukka vekk det som er lausast, seier han.

Sikrar ura med voll

I tillegg til fangvollen blir det sett opp to fanggjerde på 100 og 200 meter vestover.

– Heile ura vert sikra med voll, medan gjerda lenger vest sikrar kring 300 meter. Vi vil reinske så langt vi har midlar og tid til når vi byrjar onsdag, seier han.

For arbeidet er naudsynt.

– I hovudsak har det forvitra litt i det yttarste parti, så det er greitt å få oversikt over korleis det ser ut og plukke vekk det som er heilt laust, seier Jacobsen.

Nyte naturen

Byggjeleiaren seier dei tek mest omsyn til rutegåande bussar og utrykkingskøyretøy. I fjor vart det kaotiske tilstandar då store køyretøy gjorde seg nytte av sørsida. Vegen vil bli stengd for gjennomkøyring for køyretøy over 7,5 tonn.

– Det gjeld ikkje rutegåande bussar, tankbilar og naudslaktebilar og slike ting som må fram til gardane, legg Jacobsen til.

– Men småbilane kan køyre sørsida om ein ikkje har tid til å vente. Elles er det berre å nyte naturen på Jølster att, avsluttar han.