NRK Meny
Normal

Skal prøve seg på ny verdsrekord

Alexander Gjørven (24) gruar seg veldig til neste veke. Til helga skal han nemleg vere med på å setje ny verdsrekord i futsal. I 40 timar samanhengande skal han og laget halde det gåande på fotballbana.

Alexander Gjørven

KLAR TIL DYST: Neste helg skal Alexander Gjørven spele futsal i 40 timar. Klarar han og laget det blir det ny verdsrekord.

Seint laurdag kveld fekk stryningen beskjeden han venta på. Han var ein av dei tre heldige som fekk publikumsplassane på futsal-laget som skal prøve å setje ny verdsrekord neste helg.

Fredag startar futsalkampen som etter planen skal vare i 40 timar, klarar dei det slår dei det som til no er verdas lengste futsalkamp. Den rekorden er på 37 timar og vart spelt i Japan i fjor.

Gjørven både gruar og gler seg til den tøffe utfordringa.

– På ein skala frå ein til ti, så er eg vel på ca 11 når det kjem til å gle seg. Men så gruer eg meg ekstremt til veka etterpå, ler han.

Vann avstemming på Facebook

Futsal er ein form for fotball som blir spelt på ei handballbane. Ballen dei brukar er mindre enn ein vanleg fotball og har også ein litt anna sprett. Det er fem spelarar på kvart lag, ein keeper og fire utespelarar. Det er om å gjere å skåre flest mål i løpet av kampen.

Men når det i helga skal setjast ny verdsrekord i den lengste futsalkampen er det om å gjere å halde det gåande lengst mogleg. Til saman er det 24 mann som er med i verdsrekordforsøket, 21 av dei handplukka frå før, og tre av dei vart stemt fram på Facebook.

Alexander Gjørven var blant dei som fekk flest stemmer og førebur seg no til ei ganske så heftig helg på fotballbana inne i KVT-hallen i Trondheim. Han seier han vart veldig glad og letta då han fekk vite at han fekk plass på laget.

– Eg var veldig usikker ein halv time før avstemminga var over. Då leia eg med ti stemmer, men det er umogleg å vite kor mange stemmer folk samlar den siste halvtimen, seier han til NRK.no.

– Berre å bite det i seg

Førebels har ikkje 24-åringen frå Stryn lagt nokre spesielle planar for korleis han skal førebu seg til verdsrekordforsøket.

– Det blir det same som elles denne veka, eg skal studere og jobbe som gymlærar og spele fotball, seier Gjørven.

Under sjølve konkurransen vil det vere 12 spelarar på kvart av laga. Med fem på bana samtidig betyr det at dei vil rullere på kven som er innpå. Gjørven fortel at det er lagt opp til at ein skal spele i halvannan time, for så å ta pause like lenge.

– Det er nok beina som kjem til å merke det. Hovudet skal klare seg, med litt søvn her og der. Det blir uansett berre å bite i seg det som måtte bli av plager, seier Gjørven som fortel at dei truleg må prøve å sove mellom øktene.

Vurderer bomull i skoa

Men det er ikkje lov å forlate hallen, så det som eventuelt blir av søvn blir ikkje akkurat som under dyna heime i rolege omgjevnader. Likevel er det kroppen han trur kjem til å få den tøffaste påkjenninga.

– Det er enorm belastning å spele så lenge på eit relativt hardt golv.

– Så det spørst om eg må finne på noko lurt med bomull i skoa som støytdempar, flirer han.

Dersom reglane opnar opp for det vil han ha med seg fleire par med sko som han kan byte på undervegs.

Trur det blir ein roleg kamp

Stryningen har spelt futsal sidan han byrja studere i Trondheim i 2008 og seier han pleier å vere ganske så sliten etter kampar som varer i 12 minutt.

Når dei skal halde det gåande i 40 timar samanhengande blir det truleg ikkje dei tøffaste taklingane og dei råaste kontringane trur Gjørven.

– Eg trur det blir ein relativt roleg kamp. Det er nok ingen av laga som har lyst til å tape, men eg trur ikkje det blir noko veldig med kontringar og slik, seier Gjørven.

– Sjølvsagt klarer vi det

– Kjem dokke til å klare det?

– Sjølvsagt, det finst ikkje noko som helst slags tvil, seier Gjørven skråsikkert.

Han meiner det skal godt gjerast at dei gir opp undervegs og trur det einaste som kan bli eit problem er om det eventuelt blir mange skader.

Likevel trur han at med 12 personar på kvart lag så skal det vere nok til at dei klarar å halde det gåande i dei 40 timane dei har planar om.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser