Hopp til innhold

Skal prøve å løyse haimysteriet i Naddvik

Lokalbefolkninga skjønte ingenting då det dukka opp hundrevis av småhai på stranda i Naddvik i Årdal. No klør også forskarane seg i hovudet.

Svarthå i Naddvik

MYSTISK: Forskarane tykkjer det er mystisk at det dukka opp store mengder hai av typen svarthå i Naddvik i Årdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er eit stort mysterium for oss, og difor vil vi undersøkje det nærare. Vi vil sjå på ulike ting, men endå veit vi veldig lite om kva som har skjedd, seier biolog Claudia Junge ved Havforskingsinstituttet.

Det var førre helg at Terje Sandvik og Inger Karin Dyrnesli oppdaga at det låg tusen små hai av typen svarthai ved kaia i Naddvik, der dei har feriehus. Grunneigar Per Bjørkum kan fortelje at haien har vore der sidan jul.

– Han har kome inn i fleire omgangar, men det var i julehelga vi først oppdaga det. Kona mi stod og såg på medan det kom levande hai opp på land, seier Bjørkum,

Haien spreier ein ganske sterk lukt i området, men Bjørkum har ikkje vurdert å rydde det vekk frå området.

– Det er ingen som bur der nede uansett, så det er ikkje noko problem. Det er meir ein kuriositet.

Og at Bjørkum ikkje har rydda stranda for hai er forskarane glade for. Dei er nemleg veldig interesserte i det som har skjedd. Svarthå kan symje på fleire tusen meter djupne, og er den minste haien vi har i Norge. Sjølv om han stundom kan kome opp mot overflata på vinteren, er det heilt uvanleg å finne han på land.

– Men det er ikkje første gong dette skjer. Vi har registrert likanne tilfelle både i 2014 og i 2016, og det er noko av det vi vil sjå nærare på i tida framover, seier havforskar Junge.

Svarthå i Naddvik

STORE MENGDER: Hundrevis av svarthå ligg på stranda i Naddvik. Kanskje så mange som tusen fisk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Grunneigaren har sin eigen teori

Grunneigar Per Bjørkum understrekar at han er ein lekmann, og ikkje noko biolog. Likevel har han sine tankar om kva som kan ha skjedd.

– Det kjem ut ei lita elv med ferskvatn i bukta der fisken har stranda. Det kjem ifrå ein kraftstasjon som slepp ut vatn. Alle veit jo at saltvassfisk ikkje likar ferskvatn, så det er no berre noko eg har tenkt på.

Og havforskaren tykkjer teorien er interessant.

– Det har kome fram fleire ulike teoriar i lokalbefolkninga. Mellom anna at fisken kan vere påverka av ferskvatn. Det er ein mogleg teori som vi vil undersøkje nærare, men det er endå alt for tidleg å seie om det kan vere hald i den. Det blir berre spekulasjonar.

Til veka kjem havforskarar til å reise inn til Årdal for å sjå på fenomenet med sine eigne auge.

– Vi kjem til å reise med eit team til Naddvik, men vi veit endå ikkje kven som skal reise eller korleis vi skal løyse det, seier Junge.