Hopp til innhold

Skal padle 400 km på tre veker

I slutten av oktober tek Sigrid Henjum (26) til på ei litt spesiell utflukt.

Sigrid Henjum, Tormod Austring og Simen Havig-Gjelseth skal ut på ein 400 kilometer lang padletur.

Sigrid Henjum, Tormod Austring og Simen Havig-Gjelseth skal ut på ein 400 kilometer lang padletur. Biletet er teke i Hoddevika på Stadlandet.

Foto: Privat

26-åringen, som er busett i Leikanger, er med i eit følgje på fire personar som iløpet av tre veker legge bak seg dei kring 400 kilometerane rundt Sør-Georgia i Søratlanteren. Gjengen tek fly til Falklandsøyane og skal deretter segledei kring 1 390 kilometerane til øya.

- Eg trur det blir heilt utruleg og spennande. Det blir ei oppleving av det sjeldne, seier Sigrid Henjum.

I fotspora til bestefar

Henjum kunne ikkje takke nei då tilbodet om å padle rundt øya dukka opp. Initativtakar Simen Havig-Gjelseth (38), som også er arbeidsgjevar til Henjum, ynskjer å gå i fotspora til bestefar sin som på 1900-talet arbeidde som griserøktar og kvalfangar på øya.

- Eg tykte det var eit kjempekompliment å bli spurt. Eg tykkjer om alt som er nytt og spanande. Og ikkje minst så fantastisk, fortel Henjum.

Vurderer dokumentar

Med seg i reiselaget er også Tormod Austring (26) frå Selje og Dag Marius Ammerud (38). Truleg blir også eit produksjonsselskap med på lasset for å lage dokumentar om ekspedisjonen.

Sør Georgia under britisk styre, og vert rekna som ein av dei viktigaste hekke- og ynglestadane i Antarktisk. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelssel og 300 000 sydleg elefantsel, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar på øya.

- Veldig verområde

Henjum likar seg i friluft og i det våte element. Ho har tidlegare mellom anna padla frå Bergen til Skjolden. Og ho har padla fleire lokale turar. I mars går turen frå Florø til Stad, men desse turane blir for småturar å rekne i høve prosjektet i oktober.

- Eg håpar det blir krevjande. Og det blir kjempespennande, med mange utfordringar, is og yrande dyreliv. Dessutan er det eit veldig verområde med vind. Det kan kome friske vindar ned frå fjellet, seier ho.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER KARTET)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Heftig budsjett

Britiske styresmakter set strenge krav til dei som skal ferdast i og kring øya. Difor har padlarane leigd seglbåt som skal følgje dei rundt øya.

Sigrid Henjum trivst i det våte element. Her i Hoddevika på Stadlandet.

Sigrid Henjum trivst i det våte element. Her i Hoddevika på Stadlandet.

Foto: Privat

- Men vi skal vere sjølvforsynte. Båten skal berre vere der dersom noko skulle skje, seier Henjum og legg til at budsjettet for turen er "ganske heftig".

- Manglar alt

- Berre for meg er budsjettet på 200 000 kroner - og eg manglar neste alt. Som frilanssjukepleiar og livsnytar er det ei utfordring å få det til. Men eg skal få det til. Eg veit berre ikkje korleis, ler Henjum.

Padlarane vil ha med seg satelittelefon og vil opprette eiga heimeside for turen.