Hopp til innhold

Skal oppgradere 16, 5 km med tunnel

Statens vegvesen lyser no ut ein oppgraderingsjobb av dei heilt store på E16 i Aurland. Både Gudvanga- og Flenjatunnelen skal oppgraderast.

Montasje: Gudvanga- og Flenjatunnelen

EITT ÅR TIL MED KOLONNEKØYRING: Både Gudvanga- og Flenjatunnelen skal oppgraderast.

Foto: Heidi Lise Bakke/ Arne Veum / NRK

– Dette er svært viktig. Det er mange år sidan begge tunnelane vart opna og det tærer på utstyret, seier Sverre Måge som er assisterande prosjektleiar for tunneloppgradering i region Vest i Statens vegvesen.

Begge tunnelane er på E16 i Aurland. Til saman er det 16,5 som skal oppgraderast

Nedslitne tunnelar

Arbeidet som skal gjerast i dei to tunnelane er heilt forskjellig. I 1991 vart Gudvangatunnelen opna. Oppgraderinga av den er så omfattande at Vegvesenet valde å dele arbeidet i to, skriv nettavisa Våre vegar.

Den første jobben gjaldt sprengingsarbeid.

Sverre Måge

OPPGRADERING: Sverre Måge er assisterande prosjektleiar for tunneloppgradering i region Vest i Statens vegvesen.

Foto: Privat

– Vi har no halde på i eitt år med sprengingsarbeid i Gudvangatunnelen. Vi har sprengt plass til nytt elektrisk utstyr og tekniske bygg, seier Måge.

No står elektroarbeidet for tur.

Flenjatunnelen som vart opna i 1985 var i så dårleg forfatning at den vart oppgradert allereie 2010. Det som no skal gjerast er i første rekke installering av utstyr som det ikkje var krav om då Tunneltryggleiksføreskrifta trådde i kraft i 2007.

Nye krav

Blant krava som er kome etter 2007 er at tunnelane skal ha oppsamlingskummar for brannfarleg væske som kan renne ut av biler, i samband med ulukker.

Eit anna krav er radar i forbindelse med automatisk hendelsesdetektering (AID). Til saman 70 radaranlegg skal inn i dei to tunnelane.

Det skal og monterast til saman 275 høgtalarar i tunnelane som skal gjere det mogleg å gi bilistar og andre vegfarande beskjed om korleis dei skal stelle seg dersom det skjer ei ulukke.

Eitt år til med kolonnekøyring

I anleggstida vert det kolonnekøyring kvar time om natta i begge tunnelane.

– Vi skal prøv å gjere det så skånsamt som vi kan. No er det i hovudsak elektrisk arbeid som skal gjerast og ikkje sprenging, så vi håpar at vi skal sleppe å stenge så mykje som vi har gjort til no, seier Måge.

Anbodskonferansen er 18. januar. Innan utgangen av 2019 skal jobben vere fullført. Måge vedgår at det er ei utfordring å skulle gjere arbeidet medan tunnelane er opne for trafikk. Men å stenge tunnelane har aldri vore noko alternativ.

– Det har vi vurdert, men det var heilt uaktuelt. Mykje av lokaltrafikken er avhengig av tunnelane. I tillegg så må dei som skal over Filefjell eller Hemsedal også køyre gjennom Gudvangen, seier Måge.