Hopp til innhold

Skal møte bustyrar i dag

Klokka 14 i dag møtest bustyrarar for konkursbuet etter Vest Buss, representantar for Vest Buss og Iveco for å diskutere kva dei skal gjere i forhold til bussane skulle levert fram til jul. Det seier styreleiar Per Dag Nedreberg. I går måtte han gå den tunge vegen til skifteretten, etter at dei ikkje klarte å få finansiering til å handtere gjelda. I utgangspunktet skulle verksemda levere ytterlegare 32 bussar fram til jul, og Nedreberg håpar dei på møtet i dag skal finne ei løysing som gjer det mogleg.

Vest buss Stryn
Foto: Arne Vik / NRK