Hopp til innhold

Reiser utanlands for å lage reklamefilm

FØRDE (NRK): Ungdomsbedrifta frå Hafstad vidaregåande skule skal ut i verda for å filme lærlingar. Filmen skal lokke fleire til å ta lærlingtida i europeiske land.

Filmteam vgs

GODT I GONG: Martine Haugen Lundekvam og Eirik Johnsen i aksjon. RAW media har til no vore i Sogndal for å filme kokkelærlingar, neste stopp er Frankrike.

Foto: Espen B. Nyttingnes / Privat

– Eg synst dette er utruleg kjekt, det er noko litt anna enn det vanlege vi gjer på medielinja. Det er ein enorm moglegheit for å lære, samtidig som å oppleve andre plassar. Det fortel ein engasjert elev, Martine Haugen Lundekvam, som er prosjektleiar for filmen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har bestemd seg for å satse meir på utveksling av lærlingar i fylket med andre europeiske lærlingar.

For å lokke elevar til å ta lærlingtida i utlandet, vart ungdomsbedrifta "RAW media UB" spurd om å dokumentere utvekslingsprosjektet.

Frankrike og Danmark

I mars skal tre elevar og ein lærar reise til både Frankrike og Danmark for å følge lærlingar som har praksis der. Elevane skal jobbe som eit filmteam, og kjem til å intervjue og filme det lærlingane gjer.

– Vi er godt i gang med forarbeidet, vi har filma ein lærling i Sogndal. I mars reiser vi eit filmteam til Frankrike for å følge tre kokkelærlingar der. I Danmark skal vi følge lærlingar i byggbransjen. Det er veldig kjekt å få jobbe slik, smiler Lundekvam.

Lærerikt prosjekt

Medielinja på Hafstad

ENGASJERTE LÆRARAR: Ole Johnny Devik og Espen B. Nyttingnes hjelper elevane med mediebedrifta.

Foto: Elias Engevik / NRK

Lærar ved medielinja på Hafstad, Ole Johnny Devik har trua på at elevane lærer noko meir gjennom slike prosjekt og å jobbe i ei ungdomsbedrift.

– Elevane lærer seg å produsere medieprodukt for ekte kundar, i staden for oss lærarar som mottakar, forklarer Devik.

RAW media UB vart starta av elevar for tre år sidan, og leverer tenester som foto, film og grafiske produkt. Etter kvart har bedrifta vunne fleire prisar på ulike messer for entreprenørskap, og fått eit godt rykte.

– Vi har gjort det bra nasjonalt og internasjonalt med filmprosjekt, store kundar har brukt oss, så vi har nok fått eit godt rykte, meiner Devik.

Medielinja på Hafstad vgs jobbar med fleirkameraproduksjon.

VARIERT UNDERVISNING: I dag jobbar elevane med fleirkameraproduksjon på skulen, snart reiser dei ut i Europa.