Hopp til innhold

«Ein stygg bygning blir eit smykke»

Fredag var det offisiell tenning i Svelgen. Målet er å løfte utsjånaden til smelteverket i bygda.

Lysopning på Elkem i Svelgen i Bremanger

Sjå video frå opninga: Ikkje alt gjekk etter planen, men lysa kom på til slutt. Foto og redigering: Truls Kleiven

Difor er industrianlegget, hjørnesteinen i kommunesenteret, no utstyrt med dekobelysning.

– Særleg no i vinterhalvåret vil det lyse opp bygda i både grønt, gult, blått og veldig mange flotte fargar.

Det seier Espen Frøyland, kultursjef i Bremanger kommune. Elkem Bremanger smelteverk, Bremanger kommune og Sogn og Fjordane Energi har gått saman i lysprosjektet. Frøyland var ein stolt mann under opninga fredag.

– Vi er veldig glade for å ha fått lysdesignet vårt på plass.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lysopning Svelgen

VINTERLYST: Bygda vil bli lyst opp i alle slags fargar i vinterhalvåret, seier kultursjefen.

Foto: Truls Kleiven

Stygt blir til fint

Men som du kan sjå i videoen øvst i saka gjekk det ikkje heilt problemfritt i starten.

Men då lysa først var tent lyste det opp ein bygning få tykkjer er fin å sjå på når det er lyst, seier Frøyland.

– Det er ein stygg bygning på dagtid, bygd for å reinse røyk. Om kvelden og natta blir det no eit smykke for bygda, seier han entusiastisk.

Heile reinseanlegget er no lyssett.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lysopning Svelgen

SAMARBEID: Elkem Bremanger, Bremanger kommune og Sogn og Fjordane Energi har gått saman for å løfte utsjånaden til smelteverket.

Foto: Truls Kleiven

Vil gjere svelgarane stolte

Frøyland håpar lyssmykket skal auke sjølvkjensla til folk i bygda.

– Vi håpar dette gjer noko med folk sin stoltheit over å vere nabo, jobbe på verket og ha det i bygda si. Vi håpar det løftar kjensla av å vere svelgar, seier kultursjefen.

Anlegget er laga slik at det blir eitt ulikt sett med lys på dei forskjellige fasadane kvar kveld. Men til opninga måtte dei sjølvsagt gjere noko spesielt.

– På opninga er det fest, så då blir det byte kvart tiande minutt, seier Frøyland.

Lysopning Svelgen

GOD SYNLEG: Også på lang avstand vil folk i Svelgen kunne sjå smelteverket lyse opp om kvelden og natta.

Foto: Truls Kleiven